Slik fordelte vi milliardane i 2018
Lotteritilsynet deler kvart år ut pengar frå Norsk Tippings overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. I tillegg har tilsynet ansvar for fordeling av momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, og momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.
I søknadsåret 2018 var tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå Norsk Tippings overskot på 794,4 millionar kroner. Det er om lag 64 millionar kroner meir enn i 2017. Dette fordelte seg slik:
- Norges Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp (3B) fekk utbetalt 425,4 millionar kroner for å sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver vert vidareført.
- Basert på inntekter frå gevinstautomatar i 2001 fekk store humanitære organisasjonar (7H) utbetalt 147,3 millionar utan søknad og 346 andre organisasjonar 48,3 millionar etter søknad.
- 173,7 millionar kroner gjekk til 20 samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.
Ny forskrift og ny ordning frå 2018
Ny forskrift om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speloverskotet til Norsk Tipping vart gjort gjeldande frå 7. mai 2018.
Med den nye forskrifta kom det på plass ei permanent ordning frå 2018 som gjeld både for dei organisasjonane som hadde automatinntekter i 2001, og for organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.
Tidlegare skulle tilskotet midlertidig gi organisasjonar økonomisk kompensasjon for tapte automatinntekter. I den nye permanente ordninga skal tilskotet bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid, natur- miljø- og dyrevern.
I tillegg skal ordninga sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver blir vidareført. Som ei forlenga overgangsordning i 2018 har likevel organisasjonar (utanom 3B) som hadde automatinntekter i 2001, motatt kompensasjon for bortfall av automatinntekter.
Kompensasjon for tapte automatinntekter
- Frå og med 1. juli 2007 var det ikkje lenger tillatt å ha oppstilt gevinstautomatar.
- Etter automatforliket vart det etablert ei kompensasjonsordning der organisasjonar som mottok inntekter frå gevinstautomatar i 2001 skulle tildelast midlar frå speloverskotet til Norsk Tipping.
- Ordninga skulle vare i ein overgangsperiode slik at organisasjonane skulle frå rimeleg tid til å innrette seg til ein kvardag utan automatinntekter.
Nesten 1,5 milliardar i momskompensasjon
Søknadssummen for den generelle momskompensasjonsordninga nærma seg to milliardar kroner i 2018. Vi tok i mot 1 730 søknadar på til saman 1,977 milliardar kroner. Av dei vart 1 554 godkjende og organisasjonane fekk utbetalt 1,422 milliardar kroner etter ei avkorting på 25,45 prosent.
Kva er avkortning?
Dersom ramma gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats. Denne reduksjonen blir kalt avkorting og vil vere lik for alle søkarane, uansett kva modell du søker etter.
I overkant av 24 000 organisasjonar tok del i ordninga i 2018. I alt 176 søknader vart trekt, avvist eller avslått.
-Av 176 avslag var det heile 75 som ikkje søkte gjennom sitt sentralledd, eller søkte både til oss og sentralleddet. Det er viktig å vite at er du eit underledd skal du søke gjennom ditt sentralledd (f.eks. NFF, Norges jeger og fiskeforbund). Sentralledda har eigne søknadsfristar, seier seniorrådgjevar Marianne Alværen Torset i Lotteritilsynet.
I tillegg til reine avslag/avvisingar gjer vi ein del reduksjonar i søknadssummane som i hovudsak skuldast skjønnsmessige vurderingar av størrelsen på frådragspostar. Til saman vart søknadssummen redusert med 69,3 millionar kroner.
Tal søknader aukar
Både tal søknader, deltakande organisasjonar og søknadssummen aukar kvart år. Søknadssummen auka i fjor med 6,1 prosent, frå 1,864 milliardar i 2017 til 1,977 milliardar i 2018. Trass i at stadig nye søkarar og underledd kjem inn i ordninga, ser vi at auken i søknadssum i hovudsak skuldast at eksisterande søkarar har aukande aktivitet og dermed auka kostnader.
– Det er i samsvar med føremålet med ordninga at midlane skal nå ut til stadig fleire organisasjonar i frivillig sektor. Det er derfor gledeleg at vi ser ein stadig auke i søknader og inkluderte underledd, seier Torset.
Om denne utviklinga held fram, vil talet på organisasjonar snart bli dobla samanlikna med starten i 2010, då 13 000 organisasjonar tok del i ordninga. Som før skuldast det meste av auken i tal organisasjonar at sentralledda tar med stadig fleire av underledda i sin samla søknad.
Momskompensasjon til nesten 500 idrettsanlegg
Ordninga med momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg blir forvalta av Lotteritilsynet. I 2018 fekk vi 490 søknader med ein søknadssum på 308 millionar kroner. Det har vore ein jamn auke frå 78 som var talet på søknader i 2010.
Godkjend søknadssum var 304 millioner kroner, og medrekna ekstraløyvingar på 119 millionar kroner vart det ingen avkorting i 2018. Tilsaman 16 søknader vart avviste eller trekte, tilsvarande tal var 53 i 2017.
– Reduksjonen i tal avvisingar og avslag samanlikna med året før, heng truleg saman med at nytt anleggsregister og elektronisk søknadsskjema vart tatt i bruk i 2018. Erfaringa så langt er at det nye anleggsregisteret og søknadsskjemaet sikrar betre kvalitet på søknadane og meir informasjon til saksbehandlar, seier seniorrådgjevar Marianne Alværen Torset i Lotteritilsynet.
Det er lite skjønn knytt til behandling av søknadane, men det er framleis ein del tekniske manglar ved søknadane som krev oppfølging frå saksbehandlar.
Søknadssummen aukar mest
Sjølv om tal godkjende søknadar berre auka med 3,3 prosent frå 459 i 2017 til 474 i 2018, auka godkjend søknadssum med nesten 80 prosent, frå 169 millionar kroner til 304 millionar kroner i 2018.
– Vi ser at den totale søknadssummen for søknadsåret vert påverka av om det vert søkt om kompensasjon for store anlegg. Det er difor vanskeleg å seie noko om forventa søknadssum for 2019, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Henrik Nordal.
I 2019 er ramma for ordninga på 189,4 millionar kroner.