2018 har vore eit utfordrande, men spennande år i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det er stor aktivitet og mange ting skjer på alle våre fagområde.

I løpet av året har det vore tre ulike direktørar i tilsynet. Atle Hamar, mangeårig direktør, blei utnemnd til statssekretær i januar 2018. Bjørn Morten Øen, avdelingsdirektør for administrasjon, blei konstituert fram til 1. august, og etter det er det eg som har hatt denne rolla.

I tillegg til dette blei Lotteritilsynet omorganisert i 2018. Pengespel- og frivilligavdelinga blei slått saman til ei avdeling. Dei to viktigaste grunnane til dette var at vi ville gjere ressursutnyttinga smidigare og redusere risikoen knytt til at viktig kunnskap er fordelt på for få tilsette. Så langt har dette vist seg å vere eit riktig grep. Ny avdelingsdirektør for det samla Lotteritilsynet er Henrik Nordal. Han tok til i jobben frå 1. mai.

Endring er alltid krevjande for ein organisasjon. Desto kjekkare er det å sjå at vi trass store endringar har hatt eit høgt aktivitetsnivå i organisasjonen, og at vi i stor grad har oppfylt krav og forventningar hos både brukarar og andre interessentar.

Gunn Merethe Paulsen

Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Gunn Merethe Paulsen.

Tilfredse brukarar

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i mange år gjennomført brukarundersøkingar. Desse gir oss nyttig informasjon om kva vi gjer bra, og kva område vi kan forbetre oss på. For at vi skal kunne utføre samfunnsoppdraga våre på ein god måte, er det viktig at vi ser brukarane sine behov. Kva er deira forventningar til oss, og korleis opplever dei dialogen med oss? Det kan vere vanskeleg å kombinere brukartilfredsheit med ei tilsynsrolle der jobben vår innimellom er å påpeike forhold som må rettast opp. Då skal tilsynsobjekta våre oppleve at vi er fagleg kompetente, pålitelege, lyttande og tydelege.

Filosofien vår er enkel: Dei som ønskjer å etterleve eit regelverk, skal vi rettleie slik at dei får det til. Dei som bevisst handlar i strid med regelverket, skal vi stoppe. Enkelt, men likevel ikkje lett i praksis.

Forsvarleg pengespeltilbod

Vi har samfunnsoppdrag som motiverer og engasjerer oss. Den jobben vi gjer kvar dag, er med på å sikre eit forsvarleg pengespeltilbod der vi beskyttar problemspelarane. Det er krevjande å hindre ulovleg marknadsføring av pengespel til nordmenn i Noreg. Vi møter aktørar som utfordrar dei fleste sidene av det norske regelverket, og som har ressursar til å gjere det. Vi må gjere vår jobb med dei verkemidla som er tilgjengelege. Vi arbeider langs fleire frontar, og vi bruker både kunnskapsformidling, dialog og tvangsmiddel. Arbeidet er krev mykje ressursar, men svært viktig for å føre vidare den vedtatte spelpolitikken i Noreg.

Viktige tilskotsordningar

Vi forvaltar også den viktigaste økonomiske tilskotsordninga for frivilligheita i Noreg. Til saman deler staten ut 1,7 milliardar kroner i momskompensasjon. Desse pengane er det vårt ansvar å fordele etter gjeldande reglar, og vi utfører arbeidet effektivt, til rett tid og med god kvalitet. Brukarundersøkinga viser at mottakarane er svært godt nøgde med måten vi løyser oppdraget på.

Stiftelsane – viktige samfunnsaktørar

Stiftelsar er viktige bidragsytarar på mange område i samfunnet. Stiftelsane er fleksible innanfor sitt formål og bidrar med sin kapital til å betre kvardagen for mange, og til å løfte prosjekt som det elles ville vore vanskeleg å realisere. Vår jobb er å bidra til at stiftelsane sin kvardag blir så enkel som mogleg, og til at dei som vel å legge midlar inn i ein stiftelse, også skal vere trygge på at midlane blir brukt i samsvar med intensjonen.

Vi høyrer ofte at stiftelsesforma er så lite fleksibel. Vår handsaming av om lag 700 saker om oppheving, samanslåing og vedtektsendringar kvart år viser at organisasjonsforma faktisk er relativt fleksibel. Det handlar om å forstå handlingsrommet innanfor lov og vedtekter. Der kan vår kunnskap bidra til å gjere stiftelseskvardagen lettare for mange.

God kontroll og styring

Vi er forplikta til å bruke dei midlane vi får frå staten til å løyse samfunnsoppdraget vårt på ein god og effektiv måte. Då må vi mellom anna ha orden i eige hus. God kontroll på økonomi og risikobasert styring gjer at vi utnyttar ressursane våre effektivt. Det er vanskeleg å vurdere måloppnåing på kvalitative mål, og det er noko av det vi skal arbeide vidare med i 2019. Vi er midt oppe i ein strategiprosess no, og den handlar kort sagt om å halde fast på det vi er gode på, samstundes som vi utnyttar teknologi og kunnskap til å bli enda betre.

Eg starta med å seie at 2018 har vore eit krevjande, men spennande år for Lotteri- og stiftelsestilsynet. Eg både håper og trur at 2019 vil bli minst like krevjande og spennande.