Lotteritilsynet informerte i fjor Apple om at ei rekke pengespel-appar i App Store bryt med det norske regelverket.

Den norske einerettsmodellen inneber at berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og enkelte store lotteri har løyve til å tilby, marknadsføre og formidle pengespel på nett.

Som eit ledd i arbeidet med å stoppe det ulovlege pengespeltilbodet og marknadsføringa frå pengespelselskap utan løyve i Noreg, såg Lotteritilsynet våren 2018 på kva ulike online app-butikkar tilbaud av pengespel-appar.

Pengespel-appar er ein viktig portal inn til alle operatørar av onlinespel. Appane gjer at spelaren får tilgang til spela raskare, og dei blir lettare tilgjengelege. Dette er og ein effektiv marknadsføringskanal for operatøren.

Apple iverksette tiltak

– På bakgrunn av dette tok Lotteritilsynet i juni 2018 initiativ til å opprette dialog med Apple Inc. (Apple), slik fleire andre europeiske land har gjort før oss, seier seniorrådgjevar Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet.

Apples eigne retningslinjer «App Store Review Guidelines» er tydelege på at pengespel-appane i App Store skal ha nødvendig lisens i det landet der dei blir tilbodne. Lotteritilsynet informerte i juni 2018 om at ei rekke pengespel-appar i App Store bryt med det norske regelverket.

– Vi oppfordra i denne samanheng Apple til å undersøke om appane i App Store var i samsvar med dei interne retningslinjene. Apple bad tilsynet stadfeste kva for appar som er i strid med norsk lov, og informerte deretter om at dei ville sette i verk tiltak mot disse pengespel-appane, seier Kjelsnes.

Dialog gir resultat

Alle appane vi meldte inn til Apple, vart fjerna.

Tilsyn i form av dialog framfor det tradisjonelle tilsyn har synt seg å vere effektivt. Spesielt når vi står overfor aktørar som leverer ei plattform som alle og ein kvar kan fylle med innhald innanfor visse rammer.

Ei slik form for tilsyn med marknaden krev i større grad oppfølging og kontroll med jamne mellomrom, sjølv etter at det ulovlege innhaldet er fjerna, for å kontrollere om det er publisert nytt innhald i strid med norsk pengespelregelverk.

  • Betclic Live Sport Betting
  • Bethard – Odds og Casino
  • Betsafe Casino Sportsbetting
  • Betspin Casino
  • Betsson Casino & Sportsbetting
  • Betsson Jacpots
  • Betway – Casinospill & slots
  • Betway – Fotball-odds og bettin
  • Betway – Live Casino
  • Betway Vegas: Casino & Slots
  • Bingo.com
  • Casumo Casino
  • Comeon! Casino
  • Comeon! Live Odds
  • Coolbet
  • Expekt Casino
  • Expekt Live Sport Betting
  • Folkeautomaten
  • Kaboo Casinospill
  • LeoVegas
  • LeoVegas SPORT
  • Live Casino hos LeoVegas
  • Maria Casino & Bingo
  • Mobilebet
  • Mr Green – Odds og Casino
  • NordicBet – Odds og casino
  • NorgesAutomaten
  • Pokerrrr 2-Poker med Kamerater
  • Pokerstars Gratis Poker Online
  • Rizk Casino
  • Storspiller Casino
  • SuperLenny Legendarisk Casino
  • Thrills Slots, Live casino
  • Unibet Casino
  • Unibet Hockeyexpert
  • Unibet Sports Betting
  • Vera&John – The Fun Online Casino