Avslutta 89 tilsyn i 2018 – halvparten av stiftelsane fekk kritikk
Stiftelsestilsynet har i 2018 spissa ressursane inn mot dei sakene som har høgast risiko og størst alvorsgrad. Tilsynet har også hatt fleire store tilsynssaker der det i større grad er blitt nytta openheit og kunnskapsdeling som aktivt verkemiddel i tilsynsarbeidet.
Hjelp til sjølvhjelp
– Gjennom å dele vedtak, kunnskap og erfaringar i større saker, så har vi styrka stiftelsanes evne til eigenkontroll på ein meir effektiv og open måte. Gjennom å legge til rette for at stiftelsane kan lære av andre saker, så får vi effekt av arbeidet utover den enkelte tilsynssaka, seier avdelingsdirektør Siw Longvastøl.
I 2018 fekk om lag halvparten av styra i dei 89 stiftelsane vi kontrollerte kritikk for forvaltninga av stiftelsen. I to av sakene, som blei sett på som meir alvorlege, blei det brukt formelle reaksjonar. Her fatta Stiftelsestilsynet vedtak om å skifte ut styret og sette ned styrehonoraret.
Stiftelsen Fyrlykta
Tilsynet med stiftelsen Fyrlykta starta i 2017 på bakgrunn av informasjon gjennom media, dialog med BUFDIR, rapport fra Deloitte og eigen kartlegging. I april i 2018 konkluderte tilsynet med at stiftelsens avgjerdsprosessar og dokumentasjon ikkje har vore god nok. Dette gjeld både for manglande styring og kontroll av stiftelsens prosessar og tenestekjøp. Det tidlegare styret gjekk av og det nye styret har retta opp i desse forholda. I denne saka blei tilsynsrapporten delt på våre nettsider slik at kunnskap om lovverket og konkrete krav og vurderingar vart gjort tilgjengeleg for andre stiftelsar.
Samarbeid med andre
I tilsynsverksemda generelt, men spesielt i dei større sakene, har Stiftelsestilsynet i 2018 gjennomført samordna tilsyn saman med andre tilsynsorgan. Samarbeidsaktørane har m.a. mellom anna vore BUFDIR, Arbeidstilsynet, Skatteetaten og Politiet. Samarbeidet har bestått i informasjonsutveksling og samordning av myndigheitsområda. Det har ført til at det enkelte tilsyn har fått auka kvalitet og effektivitet.
Slik har vi styrka det samla tilsynet med stiftelsane
- tar kontakt med, og rettleiar andre aktørar som har eit forhold til stiftelsane eller rammevilkåra for stiftelsane.
- samordnar tilsyn med andre offentlege organ.
- stimulerer til sjølvhjelp gjennom å dele informasjon på nettsidene våre om tilsynsarbeidet, og om erfaringar frå dette.
Rettleiing og/eller kritikk
– Av og til er det nødvendig å følgje opp enkelte stiftelsar i tilsynssaker for å sikre at stiftelsane driv forsvarleg. I eit enkeltilsyn undersøker vi om styret forvaltar stiftelsane forsvarleg. Vi gjer heile tida risiko- og vesentlegvurderingar. Ser vi at det ikkje er grunn til å følgje opp styret, avsluttar vi saka så raskt som mogleg. Dei fleste sakene avsluttar vi etter at styret har gjort greie for forvaltninga, enten med rettleiing eller kritikk, seier Longvastøl.
I 2018 har Stiftelsestilsynet også jobba med arbeidsmetodikken i tilsynssakene, og har som mål å vere effektive i tilsyna. Det har ført til at gjennomsnittstida vi brukar på enkeltilsyna går ned. I 2018 blei det avslutta 23 fleire tilsyn enn året før.
Omgjort av klagenemnda
Stiftelsar kan klage vedtak inn til klagenemnda. I april 2017 klaga Stiftelsen Romanifolket/taternes kulturfond og tre avsette styremedlemmer på vedtak gjort av Stiftelsestilsynet den 10. april 2017. Stiftelsesklagenemnda avgjorde saka i november 2018 og gjorde om vedtaket.
– Klagenemda viser her ei anna forståing av skjønnsmessige bestemmelsar i Stiftelseslova. Vi har gjort vår jobb, klagenemnda har gjort sin jobb. No ligg det føre eit resultat som vi tar til etterretning, seier Longvastøl. Også denne rapporten vart delt på våre nettsider.