Vil du vite korleis de ligg an med styrearbeidet? Ved å ta Stiftelsestilsynets styretest får de svar på om styret oppfyller dei mest sentrale krava til organisering av styrearbeid i stiftelsar.

Stiftelseslova gir føringar om forsvarleg forvaltning av stiftelsen og korleis styret skal organisere dette arbeidet. Testen vil gi ein gjennomgang av dei mest sentrale krava som lova stiller til dette arbeidet. Svara gir dykk også ein oversikt over manglar og forbetringsområde samt rettleiing for vidare tiltak.

Styretesten er ikkje ei godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Men den kan vere eit verktøy i stiftelsens utviklingsarbeid. Målet med verktøyet er å dele kunnskap med stiftelsar og hjelpe styret med å følgje gjeldande reglar og utøve godt styrearbeid.

Testen er anonym og vi registrerer ikkje spor om deg som brukar.

Start test