Lukka krets og privatøkonomiske fordelar (rettleiing 19)
I følge forskrifta § 3 tredje ledd bokstav d) blir det ikkje gitt kompensasjon for meirverdiavgiftskostnader til verksemd som kjem ein lukka krets til gode, gir privatøkonomiske fordeler eller dekker det som normalt blir rekna for å vere kostnader av privat karakter.
Lukka krets
Det blir ikkje gitt kompensasjon til verksemd som kjem ein lukka krets til gode. Verksemd som i for stor grad ivaretek interessene til, eller kjem ei for snever gruppe av personar til gode, blir sett på som ein lukka krets og skal ikkje motta kompensasjon. Verksemd som ivaretar interessene til ein lukka krets fremjer ikkje frivillig aktivitet. Det vil også ofte vere for tett knyting mellom den frivillige innsatsen og gjenytingar i ein lukka krets.
Privatøkonomiske fordeler
Ordninga skal sikre at midlane kjem reell frivillig verksemd til gode, og det blir ikkje gitt kompensasjon til verksemd som gir privatøkonomiske fordeler eller dekker det som normalt blir rekna for å vere kostnader av privat karakter. Organisasjonar som arbeider for medlemene sine privatøkonomiske interesser kan ikkje motta kompensasjon.
Her er nokre eksempel på kostnader som normalt blir rekna for å vere av privat karakter:
- Kostnader til vedlikehald og snøbrøyting av private vegar.
- Kostnader til antenneanlegg, garasjer, vatn og kloakk.
- Kostnader til vedlikehald av fellesareal knytt til bustad, hytter, kolonihagar og liknande. Vedlikehald av friareal og fellesareal som er tilgjengeleg for ålmenta er i utgangspunktet kompensasjonsberettiga, for eksempel leikeplassar og parkområde.
- Kostnader knytt til å eige og drifte ein båt, her også kostnader knytt til å tilby båtplass til medlemmer (kostnader til for eksempel brygger, landgangar og hamneanlegg, opplagsplassar/båtplassar på land, utstyr og drift til utsett og opptak av båt, vakthald/overvakning osv.). Båtforeiningar som legg til rette for aktivitet i sjøen ved at ikkje-medlemmer også kan bruke området kan få kompensasjon til kostnader som ikkje er knytt til å tilby båtplass til medlemmer, for eksempel kostnader til arrangement, klubbhus og gjestebrygge. Kostnader knytta til eigen privat rekreasjon gir ikkje grunnlag for kompensasjon, men å utøve ein idrett til sjøs, reknar ein normalt for ikke å vere kostnader av privat karakter.
- Kostnader knytt til jakt- og fiskeløyve.
- Kostnader til behandlingsreiser.
- Kostnader til ferieliknande reiser (weekendturar, handelsturar, sommarturar, sydenturar, medlemsturar, m.m.)
Kostnader skal trekkast frå
Kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i si heilheit. Eigenandelar kan vere ein indikasjon på at ein kostnad er av privat karakter. Forvaltningspraksis har vore at kostnader av privat karakter som blei dekka av eigenandelar ikkje blei vurdert som foreiningen sin kostnad, og var dermed ikkje kompensasjonsberettiga. Lotterinemnda har vurdert at eigenandelar må sjåast på som ein del av finansieringa av foreininga sine kostnader, men er ikkje avgjerande for vurderinga av om ein kostnad er av privat karakter eller ikkje. Det betyr at praksis på dette feltet er endra, og at kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i si heilheit, uavhengig av finansieringa.
Organisasjonen må kunne dokumentere at kostnader det blir søkt om kompensasjon for, er til bruk i den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda.