Lotteritilsynet melde Lyoness til politiet
Lyoness er eit ulovleg, pyramideliknande omsetningssystem. Årsaka til dette er at inntektene i systemet i hovudsak kjem frå verving av deltakarar, og ikkje frå sal av reelle produkt. I oktober 2019 melde Lotteritilsynet Lyoness (Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS og Lyconet International AG) til politiet.
-Svært mange nordmenn og norske bedrifter har i løp av få år blitt lurt til å investere betydelege summar i Lyoness. Mange deltakarar og familiane deira har fått økonomiske og sosiale problem.
175 000 nordmenn og 1000 norske bedrifter er blitt verva til å delta i Lyoness. Nær 15 000 personar har i løpet av få år betalt nærare 500 millionar kroner til Lyoness, utan å få handfaste produkt med tilsvarande verdi i retur.
–Nokre har investert fleire millionar kroner i Lyoness, og trudd at dei skulle få tilbake ti gongar så mykje om få år. Både ressurssterke og sårbare grupper, som unge, uføre og eldre, er ramma. Nokre har brukt opp sparepengane sine og tatt opp lån. Dette er ei alvorleg sak, seier Kjelsnes.
Pengane folk har investert har gått til Lyoness, og sentrale deltakarar som sit på toppen i pyramideverksemda har fått utbetalt store bonusar som dei har opparbeidd gjennom den ulovlege verveverksemda.
Mange føler seg lurt
Dei fleste norske deltakarane Lotteritilsynet har vore i kontakt med føler seg lurt. Dei har stolt på informasjonen dei har fått.
–Lyoness har også misbrukt merkenamnet til fleire kjende og internasjonale bedrifter i marknadsføringa si, og gitt uriktig informasjon om at dei samarbeider med dei. Dette har bidratt til at Lyoness har fått større legitimitet i Noreg, og gjort folk mindre kritiske.
Bad Lyoness stoppe verksemda i 2018
Allereie i 2018 fatta Lotteritilsynet vedtak om at myWorld Norway AS (tidlegare Lyoness Norway AS) og Lyoness Europe AG umiddelbart måtte stanse all verksemd i Noreg. Lyoness klaga på vedtaket. Klagen vart ikkje teken til følge av klageinstansen Lotterinemnda.
Lyoness har også hatt fleire rundar der dei har kravd å få halde fram verksemda i Noreg fram til eit eventuelt søksmål, noko som er avvist av Oslo byfogdembete.
Hausten 2019 valde Lotteritilsynet å melde Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS og Lyconet International AG til politiet.
I april 2020 henla politiet saka på grunn av kapasitetsomsyn. Lotteritilsynet har ikkje tatt stilling til om tilsynet skal klage på politiet si henlegging.