Den akutte situasjonen som har oppstått i Norge grunna koronautbrotet påverkar også stiftelsar. For å bøte på situasjonen har styresmaktene sett i verk både økonomiske tiltak og tiltak som skal gjere det lettare å ivareta det ansvaret som kviler på styret i ei tid der det kan vere vanskeleg å møtast fysisk.

Landets stiftelsar er svært forskjellige, frå mindre legat utan tilsette til store konsern med fleire tusen tilsette. Kapitalen vert forvalta ulikt, alt frå innskot i bank til stiftelsar som forvaltar fleire hundre millionar kroner. Styret må vere bevisst den situasjonen vi er i, dei ulike konsekvensar dette kan ha for stiftelsen og kravet om forsvarleg forvaltning av stiftelsen.

Stiftelseslova har fleire føresegner om styret sitt ansvar. Nokre av dei viktigaste oppgåvene følger her.

Drift og økonomistyring

Stiftelseslova § 30: «Styret skal påse at regnskap og formuesforvaltning er gjenstand for betryggende kontroll.»

Styret må ta stilling til kva konsekvens dette kravet har for stiftelsen og eventuelt setje i verk naudsynte tiltak.

Kapitalforvaltning

Stiftelseslova § 18: «Stiftelsens kapital skal forvaltes på en forsvarlig måte, slik at det til enhver tid tas tilstrekkelig hensyn til sikkerheten og mulighetene for å oppnå en tilfredsstillende avkastning for å ivareta stiftelsens formål.»

Det er viktig å ikkje forhaste seg i denne situasjonen, men som eit utgangspunkt holde seg til den plan og strategi som er lagt for forvaltning av stiftelsen sin kapital.

Formålet til stiftelsen

Krev formålet til stiftelsen handling frå styret?

Dette er oppgåver og ansvar som kviler på styret til ei kvar tid, men som kan opplevast som ekstra aktuelle i den akutte situasjonen vi er i.

Tap av stiftelsens eigenkapital

Stiftelseslova har særreglar for næringsdrivande stiftelsar der § 25 som gjeld tap av stiftelsens eigenkapital kanskje er den mest aktuelle no. Føresegna pålegg styret for stiftelsen ei handleplikt dersom eigenkapitalen i stiftelsen er «lavere enn forsvarlig ut fra risikoen og omfanget av virksomheten i stiftelsen».

 Sjølv om stiftelseslova § 25 berre omtaler næringsdrivande stiftelsar, er det ikkje tvilsamt at den same plikta til å handle også gjeld for styret i alminnelege stiftelsar.