2020 var eit spesielt år – både for brukarane våre og oss
Frivillig sektor merka korona-nedstengingane med avlyste arrangement og aktivitetar, som førte til at inntektene svikta. Frå vi i mars i fjor fekk ansvaret for å forvalte den første krisepakken, kjende vi på det store ansvaret. Både for å få pengane raskt ut til frivillige lag og organisasjonar, og for å fordele desse riktig.
Ny digital plattform
Utover året fekk vi ansvar for å forvalte dei to neste krisepakkane. Det er mange i organisasjonen vår som har lagt ned ein stor arbeidsinnsats og forvalta krisepakkane på ein god og stødig måte. Eg vil også takke frivillig sektor for god dialog og forståing undervegs.
Eit viktig mål for oss er å ha dei beste verktøya og den mest relevante teknologien. Slik forenklar vi tenestene for brukarane våre, samtidig som vi effektiviserer våre eigne prosessar. I sum gjer dette oss betre.
På same tid som vi handterte den første krisepakken, jobba vi iherdig med å utvikle ei ny digital plattform. Den gjer søknadsprosessane enklare for både brukarane og oss. Då vi opna for søknader om momskompensasjon, og seinare i krisepakke 2 og 3, inviterte vi brukarane inn i den nye plattforma. Eg vil sitere ei melding eg fekk seint om kvelden 9. desember: «2000 momsbrev sendt ut, nær 1,7 milliard betalt ut, og alt dette på 30 minutt!»
Ansvarlege spel vinn fram
Ansvarlege spel er grunnmuren i den norske spelmodellen, også i ein pandemi. Då samfunnet stengde ned, forventa vi at speleåtferda kom til å endre seg. Det blei derfor nødvendig å prioritere ekstra oppfølging av pengespelmarknaden.
Våren 2020 la vi fram undersøkinga «Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019», som Universitetet i Bergen gjennomførte på oppdrag frå oss. Undersøkinga viser at 55 000 nordmenn har problem med pengespel, og at 122 000 er i risikosona for å få det. Dette er ein auke frå førre undersøking, og det bekymrar oss.
Samtidig ser vi at ansvarlege spel i større grad vinn fram. Tiltaka vi har mot aktørane som tilbyr og marknadsfører spel i Noreg utan lov, blir stadig meir effektive, og dei ulovlege aktørane taper terreng.
Betalingsformidlingsforbodet gjer at fleire utanlandske pengespelselskap og betalingsformidlarar har trekt seg ut av den norske marknaden. Våre øvste styresmakter bidrar også med ny regulering, og vi ser at dei nye tiltaka for å stanse ulovleg TV- reklame allereie har effekt. Vi har også forventningar til den nye pengespellova, som etter planen vi bli behandla av Stortinget i 2021.
Likevel må vi ta innover oss at den norske modellen er under press. Smart regulering av dei lovlege aktørane, og effektive tiltak mot dei ulovlege, vil vere nødvendig i tida framover. Både for å sikre at pengespel går føre seg i trygge former med offentleg kontroll, og for å førebygge negative sosiale konsekvensar.
Løftar fram rolla til stiftelsar
Kunnskapsbasert tilsynsarbeid og effektiv behandling av søknader gjer at vi har god kontroll på oppdraget om å trygge stiftelsar, og at dei blir forvalta på ein forsvarleg måte. I tillegg er det viktig å løfte fram den rolla norske stiftelsar har i sivilsamfunnet.
Vi ser det som viktig å bidra til å synleggjere stiftelsesforma. Stiftelsane representerer eit mangfald og arbeider med til dømes gode formål, aktiv tenesteyting og eigarskap til bedrifter.
Å trygge norske stiftelsar gjer vi gjennom tilsynsarbeidet vårt, men også via høyringar og kunnskapsbygging. Vi erfarer at det er mangelfull kunnskap om stiftelsar, og det er behov for at lovverket i større grad reflekterer og støttar opp om stiftelsane sine behov i dag og i framtida.
I 2020 la vi fram undersøkinga «Norske stiftelsars samfunnsbidrag», som viser at norske stiftelsar har ein viktig funksjon. Basert på tal frå 2019 deler norske stiftelsar ut 6 milliardar kroner i året, organiserer 4 millionar dugnadstimar og har 100 000 frivillige. Dei norske stiftelsane har dessutan 41 000 tilsette.
Undersøkinga viser at stiftelsane bidrar stadig meir til samfunnet. Vi ser også at dei kan vise stor fleksibilitet og ta i bruk nye og innovative arbeidsformer, seinast no under pandemien. Dette er det viktig å få kunnskap om og synleggjere. Vi har derfor foreslått ei utgreiing av rolla stiftelsane har og kan få i det norske samfunnet.
Les meir om det spesielle året i årsrapporten
Vi har ein ambisiøs strategi, noko som krev høg omstillingstakt. Strategien vår har munna ut i ei omorganisering av organisasjonen. Ikkje fordi vi må, men fordi vi har eit mål om å utnytte ressursane våre enda betre og å jobbe enda meir på tvers.
I årsrapporten for 2020 kan du lese meir om korleis vi har utført samfunnsoppdraget vårt. Etter mi vurdering har Lotteri- og stiftelsestilsynet oppfylt krava som styrande dokument for 2020 stiller til oss, og handtert den ekstraordinære situasjonen på ein god måte.
God lesnad!