Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to underliggande fagtilsyn med felles direktør.

Det er Kulturdepartementet som legg rammene for arbeidet vårt gjennom årlege tildelingsbrev.

Les tildelingsbrev for 2021 (PDF).

Vårt samfunnsoppdrag

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

  • Styrke brukarane: Vi skal ta initiativ til å dele vår innsikt og fagkunnskap. Gjennom god rådgjeving skal vi vere ekspertane som gjer det enkelt for brukarane å ta kunnskapsbaserte val.
  • Forenkle for frivilligheita: Vi vil jobbe for å gjere det tilgjengeleg og føreseieleg å navigere i ordningane for frivilligheita i Noreg, ved å samle, forenkle og koordinere.
  • Smarte tilsyn: Vi skal sette standaren for kva eit effektivt og digitalt oppdatert tilsyn skal vere, ved å vere tydelege, konstruktive og målretta.
  • Blikket ut: Perspektivet vårt i alle forbetringsprosessar skal alltid vere å sette oss inn i og forstå samfunnet og brukarane våre best mogleg.
  • Forenkle & effektivisere: Vi skal alltid jobbe for å ha dei beste verktøya, metodikken og den mest relevante teknologien. Det skal hjelpe oss til å spele brukarane våre gode.
  • Samarbeide og dele: Vi skal forsterke evna vår til samarbeid og erfaringsdeling internt og mot andre tilsyn og relevante samarbeidspartnarar.
  • Utvikle kompetanse: Vi skal gjennom kontinuerleg læring og rekruttering utvikle og fornye kompetansen vår, for å sikre rolla som eit sterkt fagmiljø.

Lotteritilsynet

Lotteritilsynet vart oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege spel. Bakgrunnen var eit ønskje frå Stortinget om å få betre kontroll med den veksande marknaden for spel og lotteri i Noreg.

Avdeling for pengespel har ansvar for tilsyn med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, forutan speleansvar og kontroll av marknaden, til dømes av ulovleg marknadsføring, ulovlege pengespel og pyramidar. Kampfiksingseininga høyrer også til avdelinga. Avdelinga jobbar også med lotteriløyve og rekneskapskontroll, og skal godkjenne entreprenørar og kontrollere bingosektoren.

Avdeling for frivilligheitsstøtte har ansvar for fordeling av momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, både den alminnelege ordninga og moms ved bygging av idrettsanlegg. Avdelinga har også forvalta krisepakkane for frivilligheita og har ansvar for tilsyn med Grasrotandelen.

Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet har etter stiftelseslova ansvar for tilsyn og kontroll med alle stiftelsar i Noreg. Det same gjeld behandling av søknad frå stiftelsar om registrering og endring. Stiftelsestilsynet har i tillegg enkelte andre avgrensa ansvarsområde enn for stiftelsar.

Stiftelsestilsynet vart oppretta 1. januar 2005 og overtok ansvaret som Fylkesmannen tidlegare hadde for stiftelsar.

Stabsfunksjonar

Det er fire stabsfunksjonar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Kommunikasjon- og strategi, økonomi- og verksemdstyring, IT og dokumenthandtering og organisasjon og personal.

20 år med tilsyn

I 2021 feirar vi 20-årsjubileum. I magasinet «Med skarpt blikk i 20 år» kan du blant anna lese meir om korleis fagområda våre har utvikla seg over tid. Du kan også lese råda vi har fått frå dei vi har møtt på vegen vår, både ute i verda og her heime.