Vi har no drive nasjonalt tilsyn frå Førde i 15 år. Lotteritilsynet vart etablert i 2001, og fire år seinare kom Stiftelsestilsynet til.  Staben vår i Lotteri- og stiftelsestilsynet er etter mitt syn betre rusta enn nokon gong til å gjere ein god jobb på dei viktige fagfelta vi skal føre tilsyn med.

Les vår årsrapport for 2015 her.

Den norske pengespelmarknaden var i 2015 utsett for det eg vil kalle ein offensiv frå utanlandske spelselskap utan løyve til å tilby pengespel her i landet. Dette merka vi både gjennom TV-reklame sendt frå utlandet, i sosiale kanalar og på Internett.

Trykket mot norske spelarar var særleg stort gjennom norske TV-kanalar som sender frå utlandet. Basert på tal vi innhenta dei føregåande åra, er det grunn til å rekne med at utanlandske spelselskap i fjor brukte nærare ein halv milliard kroner på ulovleg pengespelreklame retta mot nordmenn frå utlandet.

Justerer tapstala opp

Lotteritilsynet har no justert opp sine estimat over kor mykje nordmenn taper på utanlandske nettspel. Vi meiner talet for 2015 låg på mellom 1,3 og 1,6 milliardar kroner. Om det kan vere ei trøyst, så ser talet på spelarar derimot ut til å vere relativt stabilt.

Norske styresmakter lykkast mot slutten av 2015 å stoppe delar av denne utovlege reklamen. Kulturdepartementet bad Medietilsynet og Lotteritilsynet om å setje i verk ein av prosedyrane i AMT-direktivet. Målet var å prøve ut dei juridiske moglegheitene vi har for å stoppe ulovleg marknadsføring retta mot Norge.

Dette er ein prosess som held fram i 2016. Men det var gledeleg at Spania, som eitt av tre sendeland, bestemte at ulovleg spelreklame skulle ut av dei to kanalane som sender derfrå.

Kampfiksing på agendaen

2015 markerte startskotet på norske styremakter si satsing på å førebyggje og avdekke manipulasjon med idrettsresultat – kampfiksing. Lotteritilsynet fekk i oppdrag frå Kulturdepartementet å byggje opp ei ny eining med to stillingar. Etter grundig forarbeid, for å finne rett kompetanse og organisering, er arbeidet no i gang. Vi er spente på kva som blir resultatet av dette arbeidet over tid.

Med Lotteritilsynet til stades vart den første lovlege norske meisterskapen i poker på norsk jord avvikla gjennom fem regionale turneringar og med hovudmeisterskapen på Gardermoen. Dette ser ut til å bli blant dei største pokerturneringane i verda. Ikkje desto mindre er det gledeleg å slå fast at arrangementet vart gjennomført på ein trygg og svært profesjonell måte.

Færre og større stiftelsar

På stiftelsesområdet held ein langsiktig trend fram: Talet på norske stiftelsar går nedover, medan dei gjennomgåande blir større. Vi snakkar ikkje om dramatiske endringar. I fjor gjekk talet ned med 170 slik at det ved årsskiftet var 7139 stiftelsar, av dei 863 næringsdrivande.

Samla bokførd eigenkapital går andre vegen – jamt og trutt oppover. I 2014 passerte vi 146 milliardar kroner, nærare ti milliardar opp frå året før. Vi ventar at utviklinga vil halde fram, og at den etter kvart kan bli forsterka ved at stadig fleire ser seg tente med å bruke stiftelsesforma som framtidig eigarform for større formuar.

2007 var det første året vi hadde full oversikt over talet på norske stiftelsar etter at tilsyn og forvaltning var overført frå Fylkesmannen. Då var talet på stiftelsar 8800. Vi har med andre ord hatt ein nedgang på 1500 stiftelsar sidan den gongen, ved at mange små er avvikla og andre slegne saman.

Vi kunne elles i fjor presentere ei vesentleg betre utgåve av Stiftelsesregisteret som er eit svært viktig verktøy i det daglege arbeidet vårt. Med ein ny publikumsdel på plass, vil registeret bli nyttig for alle som søkjer informasjon og kunnskap i den mangfaldige verda som norske stiftelsar er.

Utviklar tilsynsarbeidet

Både i Lotteritilsynet og i Stiftelsestilsynet utviklar vi heile tida tilsynsarbeidet vår. I botnen ligg ein godt innarbeidd tilsynsmetodikk og ein prosjektmetodikk.  I tillegg legg vi stadig meir vekt på vurderingar av risiko og vesentlegheit i tilsynsarbeidet. Dei siste åra har Stiftelsestilsynet utvikla eit førebyggjande tilsyn gjennomført som prosjekt. Dette er med og utviklar tilsynsarbeidet, og vi meiner denne typen tilsyn er langt meir effektivt enn eit meir passivt tilsyn.

Stadig viktigare møtestad

Stiftelsestilsynet var vertskap for Stiftelseskonferansen 2015, som samla mange sentrale filantropar og stiftelsesfolk. Det skulle vere nok å nemne namn som Olav Thon, Jens P. Heyerdahl og Trond Mohn. Tilstrøyminga var rekordstor, og tilbakemeldingane frå deltakarane viser at stiftelseskonferansen blir ein stadig viktigare møtestad for alle som er opptekne av sentrale spørsmål knytt til stiftelsar.

Vi har nøgde brukarar

Vi kan heller ikkje klage på tilbakemeldingane vi fekk på ei stor brukarundersøking i fjor – den tredje i rekkja. Resultatet var oppløftande for oss som prøver å gjere vårt beste for alle våre store og samansette brukargrupper. Mange av brukarane har tillit til arbeidet Lotteri- og stiftelsestilsynet gjer, og vi scorar høgast på område som god service, informasjon om rettar og plikter og klart og tydeleg språk – for å nemne noko.

Slike tilbakemeldingar er inspirerande, men dei er også forpliktande ved at vi må følgje dei opp. Den utfordringa tek vi.

Store summar til frivillig sektor

Vi har nærkontakt med svært mange av våre brukarar gjennom dei store tilskotsordningane vi forvaltar. Kvar jul kan til dømes tillitsvalde i over 20 000  store og små lag og organisasjonar glede seg over momskompensasjon som kjem inn på konto. Mange idrettslag får i tillegg refundert momskostnader i samband med bygging av nye idrettsanlegg. Tilsaman fordelte vi i 2015 nærare to milliardar kroner frå rammene for momskompensasjon og frå overskotet i Norsk Tipping.

15 år med Førde som base

Lotteritilsynet var i 2001 det første tilsynet som vart lagt til det som gjerne blir kalla for eit distriktsfylke. Ein del var skeptiske til om dette var rett plassering. Difor er det ekstra gledeleg, når vi no har lagt bak oss dei første 15 åra, å kunne slå fast det har vore problemfritt å drive eit statleg tilsyn med base i Sogn og Fjordane.

Les heile årsrapporten her.