Mangemillionær Erik Jølberg (76) ønskjer å støtte blant anna aktivitetar for barn og unge i kommunen der han trakka sine barnesko, og samtidig sikre stabilt og langsiktig eigarskap av selskapet han starta i 1976.

18. desember 2018 godkjende Stiftelsestilsynet registreringa av den nye, store næringsdrivande holdingstiftelsen Stiftelsen Erik Jølberg, som blei oppretta av mannen med same namn åtte dagar tidligare.

Stiftelsen har 700 millionar i grunnkapital, som utgjer verdiane av 100 prosent av aksjane i Jølberg Holding AS med underliggande verksemder. Blant dei er Lier-baserte Tess AS, som er storleverandør av slangar blant anna til olje- og gassindustrien.

Fem millionar årleg

Til avisa Lierposten uttalte Jølberg seg om formålet med stiftelsen tidlegare i år.

Det er å sikre eit stabilt, føreseieleg og langsiktig eigarskap av TESS, samtidig som dei tilsette sikrar sine tilsettingskontrakter og aksjonæravtaler. I tillegg skal TESS styrke samfunnsansvaret ved å dele ut gåver og støtte med inntil fem millionar kroner årleg.

Han uttalte at midlane mellom anna skal gå til aktivitetar for barn og ungdom innan noverande Lier kommunes grenser, primært Lierbyen og nærliggande område inkludert Årkvisla.

– Det er her eg har røtene mine, og det er moro å kunne gi litt tilbake, seier han.

Spennande utvikling

Jølbergs stiftelse har klare fellestrekk med Olav Thon-stiftelsen og O. Kavli og Knut Kavlis allmennyttige fond, ved at også desse har todelte formål – å eige forretningsverksemd og å utdele midlar til gode formål.

– Å bruke stiftelsesforma på denne måten er noko vi ønskjer å løfte fram. Vi har fleire slike stiftelsar i Noreg, til dømes Olav Thon-stiftelsen og O. Kvavli og Knut Kavlis allmennyttige fond, som ha todeltle formål – å eige forretningsverksemd og å utdele midlar til gode formål, seier avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet Siw Heggedal Longvastøl.

I 2018 vart det oppretta 91 nye stiftelsar i Noreg. Dette omfattar både stiftelsar til gode formål, og større stiftelsar som eigarar til verksemder.

Fleire stiftelsar som skal støtte gode formål

I 2018 blei det registrert fleire stiftelsar som skal støtte gode formål. Blant desse er Vibeke Westbye Skofteruds Minnefond.

Den tidlegare langrennsløparen Vibeke Skofterud døydde som kjent i ei tragisk vannscooterulykke i fjor sommar. Stiftelsen, som er oppretta av Skofteruds familie, skal yte støtte til allmennyttige og veldedige formål innan psykisk og fysisk helse.

Eit større legat er Stiftelsen VI som er oppretta av The Resouce Group TRG AS med ein grunnkapital på 25 millioner kroner. Stiftelsen har som formål å bidra til at funksjonshemma får betre livssituasjon, helse, auka meistringsro og blir betre integrert.

Over 200 stiftelser blei oppheva

I 2018 fekk Stiftelsestilsynet også 211 søknader om oppheving av stiftelsar, mot 219 året før. Grunngjevinga for desse søknadane er ulike fordi formålet med stiftelsane er svært ulike. For dei klassiske pengeutdelande stiftelsane (legata) heng oppheving oftast saman med at avkastninga på kapitalen ikkje er tilstrekkeleg til å tilgodesjå formålet på ein rimeleg måte.

– Ei anna årsak kan vere at formålet til stiftelsen ikkje lenger er aktuelt, og at det heller ikkje er grunnlag for å justere formålet gjennom vedtektsendring, seier Longvastøl.

For stiftelsar som driv verksemd eller annan aktivitet heng ofte grunngjevinga om oppheving saman med at grunnlaget for verksemda eller aktiviteten har endra seg.

Ei anna årsak til oppheving kan vere at formålet rett og slett er oppfylt. Det kan typisk vere ein innsamlingsstiftelse eller ein stiftelse som har til formål å reise eit grendehus e.l. Det finst og døme på stiftelsar som er oppretta med tidsavgrensa levetid, for eksempel 30 år, og desse vil då verte oppheva når «levetida» er ute.