Ambisiøst og motiverande samfunnsoppdrag
Dette er samfunnsoppdraget vårt, og det er dette måloppnåinga vår er knytt til. Alt arbeid og alle prioriteringar vi gjer, skal vurderast opp mot kva som gjer oss best i stand til å utføre samfunnsoppdraget og oppfylle krava i tildelingsbrev
og styringsdialog. Desse krava og andre viktige mål har vi oppfylt i 2019.
Ansvarlegheit er fundamentet for den norske pengespelmodellen. Norske politikarar har bestemt at ansvarlegheit skal telje meir enn profitt. Vi har derfor i 2019 prioritert å føre tilsyn med at dei norske einerettsaktørane, Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, etterlever rammeverket for ansvarlege spel og marknadsføringsreglane.
Vi har samstundes prioritert arbeidet med å stoppe det ulovlege tilbodet av pengespel i Noreg. Her vil vi framheve arbeidet med å hindre dei ulovlege aktørane i å marknadsføre og tilby spela sine i ulike kanalar. I tillegg har vi i 2019 særleg prioritert arbeidet med betalingsformidlingsforbodet, som er eitt av verktøya vi har i jobben med å gjere det meir krevjande for utanlandske spelselskap som opererer i Noreg utan lov. Vi opplever at modellen framleis er under press frå aktørar som ønsker ein lisensmodell. Samtidig registrerer vi at modellen står stadig sterkare både juridisk og politisk. Det gjer jobben vår enklare.
På stiftelsesfeltet valde vi i 2019 å bruke meir av tida vår på rettleiing av stiftelsane. Vi erfarer at dei aller fleste feil som blir gjorde, skuldast manglande kunnskap og ikkje vond vilje. Ein viktig del av jobben vår er å sette styra i stiftelsane i stand til å realisere stiftelsens formål på ein best mogleg måte. Vi meiner vi gjer det best ved å hjelpe der vi kan, og reagere der vi må.
Momskompensasjonsordninga er viktig for frivillige lag og organisasjonar. I 2019 blei saksbehandlinga gjennomført etter ny forskrift. Det gav nokre særlege utfordringar, slik endringar i lovverk alltid gjer. Sjølv om vi informerte breitt om nye krav, var det likevel over 800 søkarar som ikkje var registrerte i Frivilligregisteret, og som derfor fekk avslag. Til gjengjeld var det over 100 nye
små lag og foreiningar som naut godt av forskriftsendringa. Ut frå vår vurdering har endringane i stor grad virka slik dei var tenkt. Vi ser mellom anna at det er meir til dei små etter omlegginga.
På kampfiksingsområdet har vi gjort ei trusselvurdering av sju utvalde idrettar i Noreg. Funna gir oss viktig kunnskap om kva truslar norsk idrett står overfor. Vi ser mellom anna at fotball og hestesport er dei mest utsette idrettane.
Vidare har vi 2019 fasa inn ei ny oppgåve: kvitvaskingsansvar for regulerte pengespelaktørar. Vi er godt i gang med arbeidet, men ser at det er eit krevjande område å følge opp – både for aktørane og for oss.