Nøkkeltal krisepakke 3
Lotteri- og stiftelsestilsynet har behandla ferdig alle søknadane i krisepakke 3 for frivilligheita. Krisepakke 3 gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Søknadsfristen var 15. januar 2021.
- Det er utbetalt nær 833 millionar kroner
- Det er betalt ut kompensasjon til 24 706 arrangement
- Det kom inn 6597 søknader
- Det samla søknadsbeløpet var på over 1,3 milliardar kroner
- 6240 søknader er godkjent med eit søknadsbeløp på totalt 1079 millionar kroner
- 270 søknadar med eit søknadsbeløp på nær 251 millionar kroner er godkjent, men er nedjusterte med nær 53 millionar kroner
- 60 søknader med eit søknadsbeløp på 31,5 millionar kroner er avslått.
- 27 søknader med eit søknadsbeløp på 4 millionar kroner er trekte.
Vi har hatt puljevise utbetalingar, for at pengane skulle kome ut til frivilligheita så raskt som mogleg.
Last ned oversikt over søkarar og tildelt beløp.
Utbetaling til klubbane i eliteserien og OBOS-ligaen: For å få eit riktig bilde av kompensasjonen til desse klubbane må krisepakke 2 og 3 sjåast i samanheng.
I krisepakke 3 kunne det søkast om:
- Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
- Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
- Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
- Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag på grunn av at andre sitt arrangement eller anna spesifisert aktivitet er heilt eller delvis avlyst, stengt eller utsatt.
- For anna spesifisert aktivitet kunne det også søkast om kompensasjon for inntektsbortfall som har nær og naturlig tilknytning til tapte billett- og utleieinntekter.
Utvalde nøkkeltal
Bruk menyknappen oppe til høgre i grafane for fullskjermvisning.
.
.