Nøkkeltal krisepakken
Lotteritilsynet har no behandla ferdig alle søknadane i krisepakken for arrangørar i frivilligheita som har avlyst, stengt eller utsett arrangement i perioden 5.mars til og med 30.april.
Utbetaling til den siste pulja av søkarar starta 05.juni 2020.
Ramma på ordninga er 700 millionar, og 2254 søkarar søkte om 372 millionar kroner.
Det er utbetalt til saman nærmare 272 millionar kroner til 1787 lag og organisasjonar.
Totalt 449 søkarar fekk avslag, og 208 fekk justert søknadsbeløpet sitt. Dette utgjorde totalt 100 millionar kroner som ikkje vart innvilga.
Her kan du laste ned oppdatert liste over alle søkarar som har fått utbetalt og beløp, avslag og trekte søknader.
Fordi søknadsbeløpet ikkje vart større enn ramma for ordninga har Lotteritilsynet delt opp utbetalingane for å sørge for at pengane blir utbetalte så raskt som mogleg. Den første pulja fekk utbetalt 8.mai, den andre pulja 22.mai, og den tredje og siste 5.juni.
Utvalde nøkkeltal