Nye tilskotsordningar for frivilligheit og idrett som følgje av covid-19
Her finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om dei nye tilskotsordningane.
Tilskot i forbindelse med arrangement eller aktivitetar
Formålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd fra myndigheitene i forbindelse med covid- 19.
Ordninga gjeld frå 1. januar til 31. oktober 2021.
Vi har opna for søknadar. Søknadsfristen er 15. november.
Les meir om ordninga og søk her.
Tilskot til publikumsarrangement av nasjonal verdi
Dette er ei tilskotsordning for gjennomførte og avlyste publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren.
Internasjonale meisterskap på seniornivå som EM, VM, NM, verdscup og landskampar er omfatta av ordninga. Det same er seriespel på øvste nivå i lagidrettar, samt OBOS-ligaen i fotball.
Ordninga gjeld frå 1. januar til 31. oktober 2021. Vi har no opna for søknadar. Søknadsfristen er 15. november 2021.
Les meir om ordninga og søk her.
Tilskot for dei som har mottatt momskompensasjon
Organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020 kan få tilskot, og fyller ut ei eigenerklæring. Fristen for å sende inn eigenerklæringa var 20. april 2021.
Utbetaling til lag og foreiningar er klar, her kan du sjå nøkkeltal.
Dei som mottar midlar frå denne delen av ordninga kan også søke tilskot i samband med gjennomføring av arrangement eller aktivitetar.
Om tilskotsordningane
Dei nye tilskotsordningane skal støtte opp under frivilligheits- og idrettspolitiske mål om brei deltaking og mangfald ved å støtte sektoren gjennom covid-19-krisa. Ordningane skal hjelpe til å utvikle og gjennomføre både aktivitetar og arrangement, som er tilpassa smittervernrestriksjonar. Dei skal også bidra til omstilling og utvikling av aktivitetstilbodet i organisasjonane.