Aktuelt

Norske bankar må stoppe transaksjonar frå utanlandske spelselskap

Lotteritilsynet har sendt vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap på nett. Berre i januar og februar i år var volumet på desse transaksjonane på over 500 millionar kroner.
Les heile saka

Ulovleg pengespelreklame frå MrDeal via SMS

Lotteritilsynet har fått fleire tips frå nordmenn om ulovleg reklame for LeoVegas og CasinoRoom, to pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge. Reklamen er sendt på SMS frå MrDeal til norske mobilabonnentar.
Les heile saka

Momskompensasjon til idrettsanlegg – status mars 2017

Fristen for å søkje om meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått 508 søknader med eit reelt søknadsbeløp på ca. 199 millionar kroner mot ca. 200 millionar kroner i fjor. Gjennomsnittleg søknadssum på kvart anlegg er i år på ca. 392000 kroner…
Les heile saka

Høyring – endring i regelverket for spel på skip

Vi har sendt ut høyringforslag om endring i forskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn.
Les heile saka

Fire milliarder kroner årleg frå norske stiftelsar

Norske stiftelser meiner dei har delt ut 4 milliarder kroner til samfunnet i 2014. Dette er ein auke på 1 milliard kroner samanlikna med tidlegare undersøkingar. Dei nye tala kjem fram i ei temaundersøking som Stiftelsestilsynet har gjennomført. Samtidig viser undersøkinga at styremedlemmer i norske stiftelsar yter mykje til det norske samfunnet i form av frivilleg og ideelt arbeid.
Les heile saka

Tilsynsrapporten om Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond er klar

Tilsynsrapporten om Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond er ferdig frå Stiftelsestilsynet. Stor interesse Det har vore stor offentleg interesse rundt tilsynet. Både før og under tilsynet har Stiftelsestilsynet fått mange skriftelege og munnlege meldingar om kritiske forhold i stiftelsen. Stiftelsen har også vore omtala i media ved ei rekke høve. Mange innsynskrav Undervegs…
Les heile saka

Stiftelsestilsynets høyringsuttale til ny stiftelseslov

Stiftelsestilsynet har levert sin høyringsuttale til ny stiftelseslov. Vi meiner Lovutvalet har gjort eit godt arbeid på kort tid, og det er mykje vi kan slutte oss til. Samtidig ser vi at det også er utfordringar lovutkastet ikkje gir tydelege svar på.
Les heile saka

Stoppar ulovleg marknadsføring av pengespel

Lotteritilsynet har fått stadfesta at spilleautomater.com via Folkeandelen rettar seg etter pålegget frå oss, og at dei stoppar vidare marknadsføring og formidling av pengespel. Saka er difor avslutta i Lotteritilsynet.
Les heile saka

Utsett svar på innsynskrav

Lotteri- og stiftelsestilsynet har dei siste dagane motteke uvanleg mange krav om innsyn i dokument.
Les heile saka