Aktuelt

Vidarefører dagens modell på pengespelfeltet

Regjeringa vil vidareføre dagens modell på pengespelfeltet. Det går fram av stortingsmeldinga: "Alt å vinne - ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk", som blei lagt fram av kulturminister Linda Hofstad Helleland den 17. desember 2016.
Les heile saka

Medietilsynet vil stanse pengespelreklame på dagtid

Medietilsynet har undersøkt kor mykje pengespelreklame som blir sendt på dagtid, frå fire tv-kanalar som rettar sendingane sine mot Norge. No har dei tatt kontakt med britiske mediemyndigheiter i Ofcom i eit forsøk på å begrense omfanget.
Les heile saka

Tippe-overskotet er fordelt

Tilsaman 681 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping for 2015 gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.
Les heile saka

Støttegrupper kan søkje om tilskot

Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2017.
Les heile saka

Nasjonal kampfiksingseining samarbeider med Sportradar

Henrik Nordal er seniorrådgjevar i kamfiksingseininga. Lotteritilsynet oppretta i 2016 ei nasjonal kampfiksingseining som skal kartlegge omfanget, førebyggje og motarbeide manipulering av idrettskonkurransar. Eininga har no inngått ei avtale med Sportradar, som overvakar over 550 speloperatørar og sit på store mengder relevante data. Samarbeid med Sportsradar – Vi er…
Les heile saka

Deler ut nær 1,3 milliardar før jul

23 000 frivillige lag og organisasjonar vil før jul få utbetalt momskompensasjon på til saman 1,29 milliardar kroner. I 2016 er avkortinga 23,7 prosent av det godkjende beløpet.
Les heile saka

Ulovleg marknadsføring av spilleautomater.com via Folkeandelen

Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjort vedtak om at spilleautomater.com og Folkeandelen må stoppe ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel. Frist for å etterkomme vedtaket er 30. november 2016.
Les heile saka

Ulovleg pengespelreklame for LeoVegas frå MrDeal

Lotteritilsynet har mottatt fleire tips fra nordmenn om utsending av ulovleg reklame for LeoVegas. Reklamen er sendt på SMS frå MrDeal.
Les heile saka

Denne appen skal stoppe kampfiksing

Norske idrettsutøvarar kan no bruke ein ny effektiv og moderne app til å melde frå om kampfiksing eller forsøk på å fikse resultat i sportskonkurransar. Det er NISO som tilbyr appen, medan tips og informasjon som kjem inn går direkte til Lotteritilsynets kampfiksingseining. Appen heiter Red Button.
Les heile saka