Aktuelt

Oppmoding om registrering i Frivilligregisteret

Oppmoding om registrering i Frivilligregisteret Lag og organisasjonar som vil halde lotteri må vere godkjende som lotteriverdige av Lotteritilsynet. I dag er det over 5400 organisasjonar som har slik godkjenning. Dei fleste av desse er også registrert i Frivilligregisteret, med unnatak av ca 760. Lotteritilsynet sender no brev til desse…
Les heile saka

Nye landsomfattande lotteri – status etter klagehandsaming

Lotterinemnda har handsama klagen frå tre av søkjarane om nye lotterikonsept. Nemnda har avgjort at to av sakene blir sende tilbake til Lotteritilsynet for ny behandling, mens ei blir endeleg avvist. Åtte søkjarar Totalt kom det inn åtte søknader om å få starte nye landsomfattande lotteri. To av desse vart…
Les heile saka

Momskompensasjon til idrettsanlegg – utbetaling i juni

Fristen for å søkje om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg vart i år flytta fram til 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk inn 419 søknader. Færre søknader i år Det er færre søknader i år, men søknadsbeløpet er likevel høgare enn i 2015. Totalkostnadane på dei…
Les heile saka

Stor risiko med utanlandske nettkasino

Ei ny befolkningsundersøking om penge- og dataspelproblem i Norge vart lagt fram av Lotteritilsynet i dag. Den viser at det er 122.000 risiko- og problemspelarar i den norske befolkninga, noko som er omtrent på same nivå som i 2013, før Norsk Tipping lanserte sine kasinospel. Samtidig viser undersøkinga at det er stor risiko med utanlandske nettkasino.
Les heile saka

Pressemøte om befolkningsundersøkinga

Lotteritilsynet inviterer til presentasjon av befolkningsundersøkinga: Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2015.
Les heile saka

Forslag om 50 millionar meir til idrettsmoms

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2016 ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Les heile saka

Må stoppe ulovleg marknadsføring av nettspel

Lotteri- og stiftelsestilsynet har bedt om at Spilleautomater.com stoppar marknadsføring og formidling av sine pengespel i Norge. Det same gjeld marknadsføringa gjennom det som spelselskapet kaller Folkeandelen. Vi undersøkjer også om opplysningar gitt under oppretting av Stiftelsen Folkeandelen er rett.
Les heile saka

Avviste klage frå Lions

Lotterinemnda har avvist ein klage frå Lions Norge. Organisasjonen klaga på at Lotteritilsynet avslo ein søknad om tilskot frå overskotet i Norsk Tipping.
Les heile saka

Momskompensasjon til idrettsanlegg – status mars 2016

Fristen for å søkje om meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart flytta fram i år, og gjekk ut 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått 410 søknader med eit reelt søknadsbeløp på ca. 200 millionar kroner. Litt færre søknader i år Det er 41 færre søknader i år, men søknadsbeløpet…
Les heile saka