Aktuelt

Skal kartlegge kostnader i stiftelsar

I dag sender Stiftelsestilsynet ut Temaundersøkinga 2016. Undersøkinga går ut til alle landets stiftelsar og skal kartlegge styrehonorar og administrasjonskostnader. Vi spør også kor mykje pengar stiftelsane delte ut i 2014. Undersøkinga skal svarast på innan 11. april og resultata vil bli presentert ei ein rapport. Les meir om…
Les heile saka

Vi fekk klarspråksprisen for 2015

Foto: språkrådet.no. Lotteri- og stiftelsestilsynet er vinnar av Statens klarspråkspris for 2015. Prisen vart delt ut av Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på eit frukostseminar i Oslo i dag. Det var direktør Atle Hamar som tok i mot prisen. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore…
Les heile saka

Fleire kvinner ringjer Hjelpelinja

Fleire kvinner tek no kontakt med Hjelpelinja for speleavhengige. I 2015 handla 17 prosent av førstegongs samtalar på Hjelpelinja om kvinner, medan talet året før var 12 prosent. Dette går fram av statistikken for Hjelpelinja i 2015. Samla vart det gjennomført 768 samtalar frå eller om spelarar. Dette…
Les heile saka

Tilsynet med nye nettsider

Den 18. januar lanserte vi i Lotteri- og stiftelsestilsynet nye nettsider. Målet vårt er at det skal bli endå lettare for brukarane våre å løyse sine oppgåver og finne informasjon. Ønskjer du meir informasjon om dei nye nettsidene og korleis vi har jobba oss fram til resultatet kan du lese…
Les heile saka

Støttegrupper kan søkje om tilskot

Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2016.
Les heile saka

TV-kanalar sluttar å sende ulovleg pengespelreklame

TV-kanalane Fox og National Geographics har slutta å sende ulovleg reklame for pengespel til Norge.
Les heile saka

To av åtte lotteri godkjende så langt

Lotteritilsynet har handsama åtte søknader om å få starte nye landsomfattande lotteri. To av lotterikonsepta fyller vilkåra for å få løyve. Kulturdepartementet har opna for fem nye lotteri som kan ha ein omsetning på inntil 300 millionar kroner i året. Løyva gjeld for ni år.
Les heile saka

Heile tippe-overskotet er fordelt

I år gjekk totalt 636 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.
Les heile saka

Full kompensasjon for idrettsanlegg

Lotteri- og stiftelsestilsynet sender i veke 51/2015 ut brev med melding om tildeling av ekstraløyvinga for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Ekstra løyvinga er på 48,1 millionar kroner. Det betyr at søkjarane ikkje får avkorting på det godkjende søknadsbeløpet. Godkjent søknadsbeløp var på totalt  171,9 millionar kroner. Utbetaling av tilleggsbeløpet…
Les heile saka