Aktuelt
Sikkerheit for gevinstar i store lotteri – nytt krav
Etter forskrift til lov om lotterier m.v. § 6 første ledd nr. 6 skal Lotteritilsynet godkjenne at det ligg føre tilstrekkeleg sikkerheit for gevinstane i lotteriet før loddsalet kan starte.
Les heile saka
Deler ut over 1,2 milliardar før jul
Over 20 000 frivillige lag og organisasjonar vil før jul få utbetalt momskompensasjon på til saman 1,22 milliardar kroner. Avkortinga i 2015 er 21,7 prosent av det godkjende beløpet.
Les heile saka
Ny handlingsplan mot speleproblem 2016-2018
Kulturdepartementet vedtok i november 2015 ein ny handlingsplan mot speleproblem. Planen gjeld for perioden 2016 – 2018, og er den fjerde treårige planen sidan 2005. Sjå pressemelding frå Kulturdepartementet. Her kan du lese Rune Timberlid sin blogg om den nye handlingsplanen. …
Les heile saka
Ny søknadsfrist for mva-kompensasjon ved bygging av idrettsanlegg
Kulturdepartementet har revidert retningslinjer for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Her går det fram at neste søknadsfrist er til 1. mars 2016. Søknader som kjem inn etter denne fristen vil bli handsama i samband med tildelinga av kompensasjonsmidlar i 2017, (sjå pkt. 6.3…
Les heile saka
Nye funksjonar i Stiftelsesregisteret
No er det lettare for stiftelsane, media og samfunnet elles å gjere søk i Stiftelsesregisteret. Du kan blant anna finne stiftelsar i eit geografisk område, sjå kva kapital ein stiftelse disponerar eller finne statistikk om stiftelsesektoren. Tredje versjon av Stiftelsesregisteret er lansert med desse nye funksjonane.
Les heile saka
Foreslår full kompensasjon for idrettsanlegg
I nysalderinga av statsbudsjettet for 2015 foreslår regjeringa ein tilleggsbevilgning på 48,1 millioner kroner i momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Går forslaget gjennom vil alle godkjente søknader for 2015 få innvilga heile søknadsbeløpet. Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet. Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2015 utbetalt 123,8 millioner kroner, fordelt…
Les heile saka
Aksjonerte mot pokerklubb i Bergen
Politiet, Lotteritilsynet og skjenkekontrollen aksjonerte onsdag mot det som framstår som ein ulovleg pokerklubb i Kaigaten i Bergen. Bakgrunnen for aksjonen er ei større narkotikasak som har tilknytning til pokerklubben. Etterforskinga skal ha avdekka store kontantstraumar, som blir hevda er pokerpenger. Det er også mistanke om kvitvasking av pengar og…
Les heile saka
Dispensasjon frå jackpot-reglar i bingo
Lotteritilsynet har gjort vedtak om å dispensere frå jackpot-reglane for hovudspel på bingo, bingoforskriften §9. Søknad Dispensasjonen er gitt etter søknad frå Norges Bingo- og lotteriforbund (NBLF). Melding om vedtaket er sendt til alle autoriserte bingoentreprenørar.
Les heile saka
Enormt omfang av ulovleg TV-reklame
Etter norsk regelverk er det forbode for utanlandske spelselskap å marknadsføre pengespel i Norge. Fleire TV-kanalar som sender til Norge frå utlandet viser difor ulovleg pengespelreklame frå for eksempel Betsson, Unibet og Norgesautomaten til norske TV-sjåarar. Det store omfanget av ulovleg TV-reklame for pengespel frå utanlandske TV-kanalar undergrev den norske…
Les heile saka