Aktuelt
Nytt lotteri-utstyr kan testast etter søknad
For å leggje til rettes for ei praktisk gjennomføring av sakshandsaminga av nye lotterikonsept, vil testing av utstyr kunne gjennomførast etter at søknad er innsend. På bakgrunn av dette har vi lagt opp til at det i den rapporten frå testinstituttet, som skal liggje ved søknaden, er tilstrekkelig at instituttet har gjort…
Les heile saka
Studentar laga film for Hjelpelinja
Fire studentar ved filmlinja på NOROFF i Oslo har laga ein reklamefilm om Hjelpelinja som ein del av undervisninga. Kort sagt handlar filmen om ein far og hans dotter som tek sine første famlande steg. Tilsynelatande er faren strålande nøgd med dotter si, men det viser seg…
Les heile saka
Ny avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet
Siw Heggedal Longvastøl er tilsett som ny avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet. Ho er 52 år gammal, og bur i Naustdal. Siw har sidan 2013 vore direktør for Innovasjon Norge sitt kontor i Sør Afrika, og leiar av den kommersielle avdelinga ved Den norske ambassaden i Pretoria. Før det var ho i…
Les heile saka
1781 organisasjonar har ikkje rapportert rekneskap
Fristen for å rapportere rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet for 2014 gjekk ut 1. juni. Difor har 1781 godkjende, lotteriverdige lag og organisasjonar i desse dagar fått purring med ny frist 10. august. – Manglande rapportering blir rekna som eit alvorleg brot på lotterilova, og fører til at til at organisasjonen si…
Les heile saka
Stoppar ulovleg pengespelreklame
Ryttaren Malin Berås har følgt opp pålegget frå Lotteritilsynet om å stoppe ulovleg marknadsføring av pengespelselskapet LeoVegas. Lotteritilsynet er positiv til at Malin Berås har fjerna ulovleg marknadsføring på Facebook og Twitter. I tillegg er annonsar med invitasjon til arrangementet «Vegas Party» fjerna på nettsider og i…
Les heile saka
Ryttar må stoppe ulovleg marknadsføring av pengespel
Lotteritilsynet har gitt montérytteren Malin Berås pålegg om å stoppe all ulovleg marknadsføring og formidling av pengespelselskapet LeoVegas som ikkje har løyve til å tilby eller marknadsføre pengespel i Norge. Dersom ikkje markedsføringa er avslutta innan 9. juni, risikerer Malin Berås ei dagmulkt på 5000 kroner. Lotteritilsynet har bedt…
Les heile saka
Framleis fritt val av søknadsmodell
Forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar (§ 6) slår fast at organisasjonane må bruke den same søknadsmodellen som blir vald i søknadsåret 2015 i tre år framover. Likevel fritt val også neste år Kulturdepartementet har informert Lotteri- og stiftelsestilsynet om at kravet om bindingstid likevel ikkje skal ha…
Les heile saka
Einerettsmodellen er den beste
Den 15. mai overleverte vi rapporten «Sosialpolitiske og kriminalpolitiske konsekvenser av lisensiering i det norske pengespillmarkedet» til Kulturdepartementet. Dette oppdraget fekk vi overlevert frå Kulturdepartementet i januar etter at Kulturministeren fekk overlevert Rambøll-rapporten «Utredning av økonomiske konsekvenser av en mulig lisensordning for pengespill.» Konklusjonane i…
Les heile saka
Momskompensasjon til idrettsanlegg – status
Fristen for å søkje om meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 4. mai. Lotteri- og stiftelsestilsynet har motteke 451 søknadar. Det er totalt søkt om 192 millionar kroner. Etter justeringar er det reelle søknadsbeløpet 183 millionar kroner. I 2015 er det løyvd 100 millionar til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av…
Les heile saka