Aktuelt

Ti millionar meir til idrettsmoms

Regjeringa har løyvt ti millionar kroner meir til utbetaling av kompensasjon for moms på idrettsanlegg i 2014. Den ekstra løyvinga kom i revidert nasjonalbudsjett 14. mai. Den totale ramma til idrettsmoms kjem difor opp i 65 millionar kroner. Søkjarane får dermed mindre avkorting på summen dei har søkt om enn først…
Les heile saka

Større avkorting på idrettsmoms i år

Fleire enn tidlegare har i år søkt om kompensasjon for moms på idrettsanlegg. Søkjarane må difor rekne med å få ei større avkorting på summen dei har søkt om. Tidlegare har det ikkje vore avkorting med unntak av 2012 da avkortinga var ti prosent. Førebels oversikt viser at det er kome inn…
Les heile saka

Tilsynsrapporten om Lyoness er snart ferdig

Lotteritilsynet opna tilsynssak mot Lyoness Norway AS i desember 2013 for å vurdere om selskapet er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova § 16. Grunna fleire andre prioriterte saker i tilsynet, og omfattande dokumentasjon, blir rapporten først ferdig til 1. juni 2014.
Les heile saka

World Ventures må stoppe ulovleg pyramide

Lotteritilsynet fatta 30. april vedtak om at selskapet World Ventures i Norge må stoppe sin aktivitet fordi dei driv ein ulovleg pyramide. World Ventures har tre vekers frist til å klage på vedtaket. Lotteritilsynet har utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute, og på visse vilkår også til klagesaka…
Les heile saka

Over 20 000 problemspelarar her i landet

22 000 nordmenn er i dag problemspelarar, og det er litt færre enn det som er målt det siste tiåret. Over 10 000 vaksne nordmenn deltok i undersøkinga som er den største i sitt slag  om pengespelproblem i Norge. Talet på problemspelarar kjem fram i ei ny befolkningsundersøking om pengespel-…
Les heile saka

Ny runde med momskompensasjon

Frivillige organisasjonar kan no søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Søknaden skal baserast på årsrekneskapen for 2013. Stortinget løyver pengane Råma for 2014  er på om lag 1,2 milliard kroner, og er løyvd av Stortinget. Lotteri- og stiftelsestilsynet…
Les heile saka

Færre samtalar på Hjelpelinja

Samtalestatistikken for første kvartal 2014 viser at antal samtalar i snitt pr. månad gjekk ned frå 110 til 91 samanlikna med første kvartal i fjor. Hjelpelinja hadde reduksjon i talet på samtaler gjennom heile 2013, og dersom reduksjonen held fram eller talet stabiliserer seg…
Les heile saka

Pressemøte om problemspeling i Norge

Lotteritilsynet offentleggjer 7. mai ei ny befolkningsundersøking om pengespelproblem og dataspelproblem i den norske befolkninga. Det er Universitetet i Bergen som har gjennomført undersøkinga. Over 10 000 vaksne nordmenn deltok, og dette er dermed den største undersøkinga i sitt slag her i landet. Rapporten om undersøkinga blir offentleggjort på Håndverkeren i Rosenkrantzgate…
Les heile saka

Inviterer til konferanse om speleansvar

Lotteritilsynet inviterer til dagskonferanse om speleansvar i Oslo den 23. september i år. Den politiske leiinga i Kulturdepartementet blir representert på konferansen, og på programmet elles står ei rekkje sentrale aktørar på speleansvarsområdet. Dette gjeld for eksempel den anerkjende forskaren Ricard Woods fra Canada, generalsekretær i Actis Mina Gerhardsen, leiar i Spilleavhengighet…
Les heile saka