Aktuelt

Dom i Hejes-saka i lagmannsretten

Det er avsagt dom i Borgarting lagmannsrett i ankesaka mellom Staten ved Lotteri- og stiftelsestilsynet og Det kongelige Justis- og Politidepartement (ankande part) og  Lise og Arnfinn Hejes Fond (ankemotpart). Dette er domsslutninga: «Ankene forkastes for så vidt gjelder tingrettens dom – slutningen punkt 1,2 og 4. Staten v/Lotteri- og…
Les heile saka

Temakontroll av store bustadstiftelsar

Stiftelsestilsynet gjennomfører no ein større temakontroll blant dei største bustadstiftelsane her i landet. Resultatet blir presentert i ein rapport til hausten. Temakontrollen omfattar stiftelsar som har minst 20 bustader som dei leiger ut. Totalt er det ca. 200 stiftelsar som er med i undersøkinga. Bustadstiftelsane forvaltar store verdiar, og det…
Les heile saka

Stabil marknad på utanlandske nettspel i Norge

Lotteritilsynet reknar med at nordmenn satsa mellom 11 og 15 milliardar kroner på utanlandske nettspel i 2013. Dette talet er høgre enn før fordi ny reknemåte baserer seg på at gevinstar blir satsa om igjen. Marknaden er likevel stabil totalt sett. Dette går fram av årsmeldinga…
Les heile saka

Ønskjer fleire private lotteri

Regjeringa ønskjer å opne for fleire private lotteri. Vurderinga av slike søknader kan i framtida blir gjort av Lotteritilsynet. I januar vart det bestemt at endringar i lotteriforskrifta skal ut på høyring. Ifølgje Kulturdepartementet er målet klarare og meir eintydige reglar for private lotteri. Den 22. januar fekk Kulturdepartementet eit brev frå ESA…
Les heile saka

Lotteritilsynet vil stoppe ulovleg pyramide

Lotteritilsynet har konkludert med at selskapet World Ventures driv ein ulovleg pyramide i Norge. Selskapet har fått varsel om å stanse all salsverksemd her i landet. World Ventures sel medlemskap i ein reiseklubb som skal gi rabattar på ferieopphald i heile verda. Feriane blir selde gjennom selskapet Rovia. Provisjon og bonus…
Les heile saka

Ventar på ekstern gransking av Betanien

Styret i stiftelsen Betanien Bergen avdekka i løpet av 2013 eit underslag på 14,6 millionar kroner utført av dagleg leiar over ein periode på 7 år. Stiftelsen har no i samarbeid med Stiftelsestilsynet vedteke å gjennomføre ei ekstern gransking for å undersøke og vurdere omfanget av underslaget. Granskinga vil også omfatte stiftelsen sin…
Les heile saka

Tilsyn med grasrotmottakarar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal føre tilsyn med at mottakarar av Grasrotandelen følgjer regelverket som gjeld på dette området. Vi har difor sett i verk ein stikkprøvekontroll av eit utval organisasjonar som er registrert som grasrotmottakarar i Frivillighetsregisteret. Femti organisasjonar har fått brev I midten av februar 2014 sende vi brev til…
Les heile saka

Endra årsavgift og ny klageinstans

Stiftelsestilsynet sende ut faktura for årsavgifta 2014 til stiftelsane  i veke 5/14. Satsane er endra i år. Sjå gjeldande satsar her. Årsavgifta aukar for store stiftelsar Avgiftsklassane er endra i år, og avgifta er knytt opp mot rettsgebyret. Dei store stiftelsane betaler meir, mens dei minste stiftelsene slepp avgiftsauke. Dette…
Les heile saka

Kasinospel aukar – reduksjon for pengespel

Det var ein liten nedgang i trafikken på Hjelpelinja for speleavhengige i 2013. Reduksjonen gjaldt  samtalar om pengespel, medan samtalar om dataspel var stabilt samanlikna med året før. Dette går fram av samtalestatistikken 2013 som no er klar. Små endringar Det er endringar i fordeling på ulike pengespel. Samtalar om kasinospel har…
Les heile saka