Aktuelt

170 organisasjonar misser lotterigodkjenninga i år

Det er krav om at lag og foreiningar som vil halde enkelte lotteri i Norge skal vere godkjende som lotteriverdig organisasjon. Godkjende organisasjonar har plikt til å sende inn sentrale rekneskapsopplysningar på fastlagd skjema kvart år. Fristen for innsending er 1. juni, og kan skje via ALTINN. Mange blir purra Svært…
Les heile saka

Varslar endringar i pengespelpolitikken

  Den påtroppande regjeringa av Høgre og Framstegspartiet seier i si regjeringsplattform at det kan bli endringar i den norske pengespelpolitikken. Den nye regjeringa vil greie ut ei lisensordning for utanlandske speleselskap her i landet. I dag har Norsk Tipping monopol på alle former for lovlege sportsspel, og Norsk…
Les heile saka

Hjelpelinja – statistikk tre første kvartal 2013

  Hjelpelinjestatistikken for dei tre første kvartala i 2013 er klar. Den viser reduksjon i talet på samtalar i dei fleste pengespel, men kasinospel på nett aukar framleis. Hovudproblemspel I førstegongs samtaler og for hovudproblemspel er nettkasino det speletilbodet som oftast blir omtalt på Hjelpelinja, og talet har…
Les heile saka

Kampfiksing påvist i fire nordiske land

  Det er avslørt tilfelle av kampfiksing i fire nordiske land. Det går fram av ein rapport som pengespel-styresmaktene i Finland, Sverige, Norge og Danmark har utarbeidd. Den nordiske rapporten vart i september overlevert til direktørane for lotteritilsyna i dei fire landa under ein årleg konferanse. Målet med rapporten er…
Les heile saka

Framtidas pengespel på stor Oslo-konferanse

Nye utfordringar i framtidas pengespel er sentrale tema når pengespel-styresmakter frå heile verda gjennomfører sin årlege konferanse, denne gong i Norge. Konferansen er open for media. Det er organisasjonen IAGR (The International Association of Gaming Regulators) som har valt Oslo og Grand Hotel…
Les heile saka

Vi leverer kvalitet på nett

Det meiner Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) som i dag har kåra dei beste offentlige nettstadane i Norge. Vi fekk full score på brukartilpassing og  var ein av tre nominerte til den gjevaste prisen årets statlige nettstad. Best av alle statlige nettsider var Statens…
Les heile saka

Skular kan ikkje arrangere smålotteri

Det er ikkje høve for offentlige skular, skuleklassar eller foreldrerådets samarbeidsutval å arrangere smålotteri. Det er berre lokale frivillige lag samt humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar som kan melde inn smålotteri. Lotteritilsynet sender no ut eit informasjonskriv til alle skular om dette. Fleire skular melder inn smålotteri Lotteritilsynet får årleg inn fleire…
Les heile saka

Stadig fleire søker momskompensasjon

Det er kome inn 1067 søknader i 2013. Dette er ei auke på 160 samanlikna med 2012. Det er også ei auke i søknadsbeløpet på 159 millionar kroner samanlikna med i fjor. Det var ei forventa auke både i tal søknader og søknadsbeløp grunna forenkla momskompensasjonsordning for det frivillige frå…
Les heile saka

Søknadsfrist for bingospel er 15. oktober

Entreprenørar og foreiningar som ønskjer å arrangere bingo frå 1. januar 2014 må søkje Lotteritilsynet om løyve innan 15. oktober. Lotteritilsynet har sendt informasjon til bingoentreprenørar og foreiningsbingoar med opplysningar om korleis søknadsprosessen for bingo vil vere hausten 2013. I skrivet blir det også informert om regelendringar for entreprenørbingo.  …
Les heile saka