Sjølvtest for stiftelsar Skriv ut Sist oppdatert 27. mars 2019 Step 1 of 9 - Intro 11% Er stiftelsens gjeldande vedtekter registrert i Stiftelsesregisteret? * RequiredJaNeiStiftelsar skal ha vedtekter. Dei skal bl.a. opplyse om namn, formål, grunnkapital og styrets samansetning. Vedtektene skal sikre tydelege og gode rammer for stiftelsens formue, formål, forvaltning og sjølvstende. Dei skal vere registrert i Stiftelsesregisteret. Er opplysningar om stiftelsens noverande styre oppdatert i Brønnøysundregistrene? * RequiredJaNeiStiftelsar skal ha eit styre. Det skal vere valt, og det skal utføre arbeid og utøve ansvar i samsvar med stiftelsens vedtekter og stiftelseslova. Oppdaterte opplysningar om bl.a. namn, fødselsdato, kontaktinformasjon og eventuelle fullmakter for styremedlemmane skal til kvar tid vere tilgjengelege i Brønnøysundregistra og Stiftelsesregisteret. Send eventuelle endringar via samorda registermelding. Har stiftelsen faste styremøte for behandling av saker som høyrer under styret? * RequiredJaNei Styret er stiftelsens øvste organ og har ansvaret for forsvarleg forvaltning av stiftelsen. Styret skal etter stiftelseslova halde styremøte minst éin gong i året. Vanlegvis har styret fleire jamlege styremøte, gjerne fastsett i ein årsplan. Sidan styret har ansvaret for å forvalte stiftelsen, må styret behandle saker om utdelingar, budsjett, rekneskapsrapportering, inngåing av avtalar mv. Det følger av stiftelseslova at styret skal vedta utdelingar og sikre kontroll med rekneskap og formuesforvaltning. Dersom det er nødvendig å innhente annan kunnskap og kompetanse, må styret sørge for dette. Har stiftelsen skriftleg styreinstruks? * RequiredJaNeiEin skriftleg styreinstruks omhandlar styrets ansvar og arbeid, og er eit verktøy som gir føringar og rammer for styrets organisering og forvaltning. Instruksen beskriv gjerne ansvars- og arbeidsfordeling både innanfor styret og opp mot andre roller, f.eks. dagleg leiing og forretningsførar. Det er naturleg å beskrive delegering og fullmakter. Har stiftelsen ein skriftleg plan eller strategi for gjennomføring av formålet? * RequiredJaNei Ein plan eller strategi for gjennomføring av formålet er nødvendig for at styret på lang sikt skal kunne forvalte stiftelsen i samsvar med formålsføresegna, jf. vedtektene. Vedtektene kan òg omhandle konkrete formålsgrupper og gi føringar til styret for korleis formålet skal gjennomførast. Dette må styret vurdere og ta omsyn til i planen. For mange stiftelsar skal formålet realiserast i form av utdelingar. Ifølge stiftelseslova skal styret avgjere alle utdelingar. Det er òg styrets ansvar å ha oversikt over om andre typar transaksjonar (utleige av bustad, kjøp av tenester, osv.) i praksis medfører ei utdeling, og om ho i så fall er innanfor stiftelsens formål. Har stiftelsen ein skriftleg plan eller strategi for kapitalforvaltning? * RequiredJaNei Ein plan eller strategi for kapitalforvaltning er nødvendig for at styret skal kunne forvalte stiftelsens midlar og dermed vareta formålet på lang sikt. I tillegg vil planen vere eit styringsverktøy for å sikre forsvarleg forvaltning av stiftelsens kapital. Planen bør fastsette ein strategi samt gi oversikt over stiftelsens kapital, behovet for likviditet på kort og lang sikt, vurdering av risiko, formålstenleg fordeling, mål for avkastning mv. Vedtektene kan gi føringar om plassering av kapital og handtering av eventuell avkastning. Dette må styret vurdere og ta omsyn til i planen. Kapitalforvaltning omfattar òg sikring av midlar på andre måtar enn rein plassering av midlane, f.eks. vedlikehaldsplanar for bevaring av eigedom. Styrets ansvar gjeld sjølv om oppdrag er sett ut til eksterne kapitalforvaltarar. Ansvaret består da av å følge opp, bl.a. gjennom kontroll og rapportering. Er styrearbeidet dokumentert med innkallingar og styreprotokoll? * RequiredJaNeiStiftelsens styrearbeid skal dokumenterast med innkallingar og styreprotokoll. Formålet med saksbehandlingsreglane i stiftelseslova er å sikre at styrets vurderingar og vedtak er forsvarlege og transparente, og at dei kan etterprøvast. Innkallingar skal sendast på ein formålstenleg måte og med rimeleg frist, og dei skal vanlegvis innehalde ei sakliste med vedlegg som gir tilstrekkeleg grunnlag for forsvarleg saksbehandling. Dokumentert styreprotokoll skal angi tid og stad, deltakarar, behandlingsmåte og styreavgjerd, og han skal signerast av alle som har deltatt på møtet. Følger styret reglar for habilitet? * RequiredJaNei Reglar for habilitet skal sikre at styremedlemmar ikkje er involvert i saker der medlemmen sjølv eller medlemmens nærståande har økonomiske eller personlege særinteresser. Styret bør ha skriftlege rutinar for inhabilitet og må praktisere at styremedlemmen i slike tilfelle ikkje deltar i behandlinga eller avgjerda av styresaka. Stiftelsen må derfor ha oversikt over styremedlemmanes roller og nærståande relasjonar. Viss det er aktuelt å inngå avtale med ei verksemd som er eigd av eit styremedlem eller ein nærståande, vil det oppstå ein risiko for stiftelsen. Styret må da – i tillegg til å følge reglane om habilitet – sikre avtalegrunnlag og oppfølgingsrutinar som varetar og dokumenterer at produkt- og tenestekjøp skjer til marknadspris og ikkje inneber ei ulovleg utdeling frå stiftelsen. Det overordna formålet med dei strenge reglane for inhabilitet og nærståande transaksjonar er å sikre stiftelsars sjølvstende og formue samt tillit og omdømme. Dette gir tryggleik for stiftelsen. Har styret tilstrekkeleg internkontroll? Med det meiner vi rutiner og rapportering som sikrar forvaltning i samsvar med lov, vedtekter og eigne instruksar. * RequiredJaNeiÅ sikre forsvarleg forvaltning av stiftelsen er eit kontinuerleg ansvar for styret. Det er sentralt å ha gode rutinar for styring av stiftelsen. Det er også viktig å ha på plass rapportering som sikrar at styret fangar opp uønskte forhold og endringar, og føl opp med nødvendige tiltak. Dette bør inngå i den vanlege internkontrollen og organiseringa av stiftelsen. De kan ved behov knyte til dykk særleg kompetanse for vurdering, f.eks. revisor.