Det rettslege grunnlaget for oppheving/endring av uråderettsklausular går fram av stiftelseslova § 55 første ledd bokstav a. Dette er ein naudrettsregel som berre blir brukt som ein siste utveg for å få oppheva ein uråderettsklausul. Vilkår for oppheving går fram av stiftelseslova § 46 første ledd.

For å kunne søkje om omdanning må du vere den forpliktinga kviler på, eller den som rår over midlane saka gjeld.

Typiske eksempel på uråderettsklausul er:

  • Avgrensing ved sal.
  • Forbod mot pantsetjing.
  • Forbod mot frådeling.
  • Særeige pålagt av andre enn ektefelle.

Tvist rundt tolkinga av klausulen må løysast av domstolane.

Ikkje søk oss dersom du kan få samtykke frå f.eks. opprettar av klausulen (dersom vedkomande er i live), rettshavar eller avtalemotpart.

Du skal heller ikkje søke oss når tilhøvet blir regulert av servituttlova, løysingsrettslova (forkjøpsrettar osv.) eller anna regelverk.

Send søknad om oppheving av uråderettsklausul til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no
eller til Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Sjå våre hjelpeskjema/malar for nødvendige vedlegg til søknad om oppheving/endring av uråderettsklausular.

Les gjerne denne presentasjon om stiftelseslova § 55 (PDF).

Har du spørsmål?  sjå vår FAQ om uråderettsklausular.

Har du fortsatt spørsmål kan du bruke vårt kontaktskjema.