Rekneskap og revisjon
Stiftelsar har generell rekneskapsplikt etter rekneskapslova.
Må levere rekneskap
Årsrekneskap og årsmelding skal fastsetjast innan seks månader etter rekneskapsåret er avslutta, generelt innan 30. juni.
For å unngå forseinkingsgebyr må årsrekneskapen med notar, årsmelding og revisjonsmelding vere sendt til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli – i året etter rekneskapsåret.
MERK: I 2021 er fristen for å levere årsrekneskap utsett med to månader, til 30. september.
Årsrekneskap og årsmelding skal signerast av alle styremedlemmene. Dersom stiftelsen har dagleg leiar, skal også dagleg leiar skrive under. Dersom ein som skal skrive under har innvendingar mot årsrekneskapet eller årsmeldinga, skal vedkommande skrive under ilag med merknad om dette, og gi nærare utgreieing i årsmeldinga.
Rekneskap kan kun sendast inn elektronisk via Altinn.
Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal ikkje sendast til Stiftelsestilsynet.
Små føretak har ikkje plikt til årsberetning
Merk at rekneskapslova vart endra 1. januar 2018. Lovendringane betyr at små foretak ikkje lenger har plikt til å utarbeide årsberetning. Dei nye reglane har verknad for stiftelser som fell under definisjonen av små føretak i regnskapsloven § 1-6.
Endringane gjeld for rekneskapsår avslutta 31. desember eller seinare. Les meir om endringane i rekneskapslova på regjeringen.no.
Må ha revisor
Stiftelsar har plikt til å bruke statsautorisert revisor registrert hos Finanstilsynet. Informasjon om val av revisor og revisor sine plikter finn du i stiftelseslova §§ 43 og 44. Merk at det er unntak for stiftelsar der kommunar oppnemner styrefleirtalet.
Revisor må løpande sende kopi av nummererte brev til Stiftelsestilsynet. Det er vedtatt ny revisorlov, men stiftelseslova s §44 første ledd viser framleis til den gamle revisorlova grunna ein inkurie. Det rette etter at ny lov trådte i kraft 1. januar 2021 er revisorlova § 9-5.
Ønskjer du eit djupdykk i revisors uttale etter stiftelseslova anbefalar vi denne artikkelen i Revisjon & Regnskap, skrive av seniorrådgjevar Bjarte Urnes i Stiflelsestilsynet. Artikkelen handlar om revisors plikt etter stiftelseslova til å uttale seg i revisjonsberetningen om forvaltning av og utdelingar frå stiftelsar.
Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.