Høyring – endring i regelverket for spel på skip
Vi har sendt ut høyringforslag om endring i forskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn.
Lotteritilsynet fekk 4. januar 2017 i oppdrag frå Kulturdepartementet å sende eit forslag på høyring om harmonisering av regelverket for spel på skip. I dag er det reglar for maksimalt innskot og maksimal gevinst som er ulike for transportskip og cruiseskip.
Vi føreslår at desse vert gjort like for å harmonisere regelverket. Samstidig vil vi føreslå at «tickets» på same linje som myntar og pengesetlar kan nyttast som betalingsmiddel for spel på skip.
Fristen for å levere høyringssvar er 12. mai 2017.