Alle veit at teknologien går rasande fort, men har du tenkt på at teknologi også er regulering? Vi tar debatten om korleis vi best kan beskytte sårbare spelarar i framtida. Dessutan bidreg vi på fleire andre debattar.

– Kva moglegheiter og utfordringar gir teknologien, når vi skal regulere spelmarknaden? Dei utanlandske aktørane operer ulovleg, men korleis ser marknaden ut? Og kva seier dei som slit at dei treng hjelp med? Dette skal vi få høyre meir om under debatten, seier Marie Havnen som er kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ho skal leie samtalen som er eit samarbeid med IKT-Norge, og ho får med seg ein dyktig gjeng som skal belyse temaet frå ulike vinklar:

Chris Allan Simonsen frå Trigger, Magnus Pedersen frå Spillavhengighet Norge, Kari Henriksen (Ap) og Tage Pettersen (H) blir med, samt Henrik Nordal og Atle Hamar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Arrangementet går av stabelen frå klokka 13 til 14 onsdag 18.august, på Castelle i Arendal. Heile samtalen og debatten blir sendt direkte, så du kan og følge den på nett. Det gjeld alle arrangement under årets Arendalsuke.

Ny lov om pengespel – kor går vegen vidare?

Tysdag 17.august arrangerer Stiftelsen Dam seminaret «Ny lov om pengespill – hvor går veien videre?». Her er Henrik Nordal, avdelingsdirektør for pengespill i Lotteritilsynet, ein av bidragsytarane, saman med blant andre Magnus Rydeving i Spelnykter og fleire politikarar.

Det skjer på Tyholmen frivilligsentral klokka 08.30.

Stiftelsane si samfunnsrolle til debatt

Måndag 16.august klokka 15 til 16.30 arrangerer Stiftelsesforeningen debatten «Svekker regjeringen stiftelsenes rolle i samfunnet?». Bakgrunnen er Næringsdepartementet sitt forslag til endringar i lova om stiftelsar.

Ifølge Stiftelsesforeningen kan forslaga gi betydelege endringar i drifta av ein stiftelse, og stiftelsane si generelle rolle i samfunnet.

Siw Heggedal Longvastøl.

Avdelingsdirektør i  Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl, er ein av paneldeltakarane her, med utgangspunkt i høyringsuttalelsen der Stiftelsestilsynet er svært skeptiske til forslaget om forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd direkte i stiftelsar.

Her kan du lese høyringsuttalelsen.

Korleis få til grøn omstilling? Samtalar med dei som skal gjere jobben

Frå klokka 09 til 09.45 tysdag 17.august blir det samtale om grøn omstilling på Arendal bibliotek. Det er SpareBank1 som står bak samtalen, der direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet skal svare på kor aktivt stiftelsar kan bidra i dette spørsmålet.

Hugs at du kan følge alle arrangementa på nett. Lenke finn du gjennom postane i programmet til Arendalsuka.