Nye vedtak til norske bankar om å stoppe transaksjonar frå utanlandske spelselskap
Vi har no sendt vedtak til norske bankar om å avvise betalingstransaksjonar på desse kontoane. Vedtaka er sett i verk.
Les vedtaket for Magyar s.r.o (Trustly AB)
Les vedtaket for Entercash ltd
Bakgrunn
Bakgrunn for vedtaka er at norske bankar og finansinstitusjonar ikkje har lov til å formidle innskot og gevinst til pengespel til og frå utanlandske pengespelaktørar. Dei fleste utanlandske spelselskap omgår forbodet ved å bruke betalingsløysningar der transaksjonar går via ein betalingsformidlar. Lotteritilsynet har gjennomført tilsyn og funne kontonummer som tilhøyrer utanlandske selskap som gjennomfører betalingsformidling på vegner av utanlandske spelselskap. Forbodet gjeld for innskot, som ofte skjer via bankkort. Forbodet gjeld også ved utbetaling av gevinst, som ofte skjer til spelaren sin bankkonto.
Konsekvensar for dei som spelar
Vedtaka kan føre til at dei som har spelt på utanlandske nettspel i ein periode opplever problem med å få utbetalt gevinstane sine. Arbeidet er eit resultat av Lotteritilsynet si oppgåve med å verne dei med speleproblem, og sørge for at færrast mogeleg får problem med pengespel. Vi kjem til å jobba vidare med å finne tiltak og system som kan effektivisere forbodet og vil halde fram dialogen med bankar og andre finansaktører.