Ny forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon frå 1. januar 2019
Det blir ingen endring i regelverket for årets søknad.
Ny forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar har vore på høyring. I høyringsnotatet forelso Kulturdepartementet at ny forskrift skulle gjelde frå søknadsåret 2018.
Det blir likevel ikkje slik.
Pressemelding
Kulturdepartementet har sendt ut pressemelding om at ny forskrift blir gjort gjeldande først frå 1. januar 2019. Det blir dermed ingen endringar i regelverket for årets søknad som har frist 1. september 2018.
Oppdatert informasjon og skjema for årets søknadsrunde kan du finne på vår nettside (lottstift.prod.dekodes.no) før 10. april.