Lotteri- og stiftelsestilsynets årsrapport 2017
Årsrapporten for 2017 er klar.
Endring og omstilling
«Trass nokre stabile trekk har 2017 vore eit år med endring og omstilling. Samfunnet og teknologien endrar seg. Brukarane våre går meir og meir over til digitale flater. Teknologisk utvikling og eit samfunn i rask endring er utfordrande for oss som tilsyn, og det krev at vi utviklar oss i same takt på alle område.
Vi må vere målretta og framtidsorienterte når det gjeld rekruttering og kompetanse, og vi må gjere gode prioriteringar for korleis vi best kan nytte ressursane våre» seier fungerande direktør Bjørn Morten Øen i Lotteri- og stiftelsestilsynet i si innleiing til årsrapporten.
Last ned årsrapporten i PDF.