Er konkurransen eit lotteri?
Lurer du på kva som er eit lotteri og kva som er ein konkurranse? Når blir konkurransen eit lotteri? Meininga er at du ved å lese denne artikkelen, vil vere i stand til å vurdere om konkurransen du skal arrangere eller delta i er eit lotteri.
Dersom konkurransen er eit lotteri, er utgangspunktet etter norsk rett at du må ha tillatelse før konkurransen blir arrangert jf. lotteriloven § 6. Det er også «forbudt å drive markedsføring eller formidling av lotterier som ikke er gitt tillatelse», jf. lotterilova § 11.
Er ein konkurranse eit lotteri kan det i enkelte tilfelle også bli definert som pengespel. Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som kan tilby pengespel i Norge etter pengespellova og totalisatorlova.
Dersom lotteriet ikkje fell under pengespellova opnar dette for at fleire aktørar kan arrangere eit lotteri. Lotteriet kan likevel berre «avholdes til inntekt for et humanitært eller samfunnsnyttig formål», jf. lotterilova § 5.
Følgande lover regulerer lotteri- og pengespelmarknaden
Formålet med lotterilova er: «å sikre at lotterier avholdes i betryggende former under offentlig kontroll, med sikte på å forebygge negative sosiale konsekvenser av lotterier, samtidig som det legges til rette for at lotterier kan være en god inntektskilde for samfunnsnyttig og humanitært arbeid», jf. lotterilova § 1 a.
Tre vilkår for lotteri
I lotterilova § 1 første ledd bokstav a, blir lotteri definert som: «virksomhet der deltakerne mot innskudd kan erverve gevinst som følge av trekning, gjetting eller annen fremgangsmåte som helt eller delvis gir et tilfeldig utfall.»
Alle dei tre vilkåra «innskot», «gevinst» og «tilfeldig utfall» må vere oppfylt for at verksemda skal vere eit lotteri.
Innhaldet i dei tre vilkåra er klarlagt i forarbeida og gjennom praksis. I tvilstilfelle avgjer likevel Kulturdepartementet med bindande verknad om noko er eit lotteri, jf. lotteriloven § 1 andre ledd.
1. Innskot
Det første vilkåret som må vere oppfylt for at ein konkurranse skal vere eit lotteri er vilkåret om innskot. «Innskot» betyr at du må betale for å delta i konkurransen. All betaling utover vanleg pris for tenesta er å rekne som «innskot». For tradisjonelt førerhands- og etterhandstrukne lotteri, bingo og gevinstautomatar, er prisen per lodd eller speleomgang å rekne som innskot i lotterilovas forstand.
Dersom deltaking i konkurransen krev svar via post vil dette i nokon tilfelle vere å sjå på som innskot.
Dersom du sender svaret med post vil dette ikkje vere eit innskot, då denne tenesta har ein fast pris. Dersom posttenesta derimot kostar meir enn ordinær post, slik som rekommandert post, vil årsaka til bruken av denne tenesta avgjere om det er eit innskot.
Stadig fleire konkurranser blir arrangert slik at deltaking skjer ved å ringe eit bestemt telefonnummer, eller ved å sende ein SMS. I slike tilfelle reknast all betaling utover vanleg takst som innskot etter lotterilova. Det er ikkje avgjerande om dei ekstra inntektene går til driftsselskapet, arrangøren av konkurransen eller anna. Det avgjerande er kva tenesta faktisk kostar. Dette inneber at betaling for telefontenester, som er prisa høgre enn normal takst fordi tenesta inneber høgre administrasjonskostnader, også blir å rekne som innskot etter lotterilova. På bakgrunn av dette blir det lagt til grunn at lotterilovas vilkår om innskot vil vere oppfylt der deltaking skjer ved bruk av for eksempel teletorgtenester som overtaksering, høgtakst eller bruk av 820 eller 829-nummer. Tilsvarande blir det lagt til grunn for bruk av tenester som gjer det mogleg for fleire å ringe inn på same tid, som for eksempel ved bruk av 815-nummer.
Når det gjeld SMS-konkurransar vil all betaling utover vanleg pris for å sende tekstmeldingar bli å rekne som «innskot» etter lotterilova. Då vanleg pris på SMS varierar er det lagt til grunn ei grense på ei krone per tekstmelding. Dersom prisen for deltaking i ein konkurranse er større enn ei krone blir mellomlegget å sjå på som innskot. Enkelte SMS-konkurransar føreset at deltakar aksepterer å betale for meldingar han mottar, i tillegg til dei han sender. Dersom prisen per melding som sendes og mottas overstige ei krone, er mellomlegget å rekne som innskot.
Enkelte speltilbod er utforma slik at deltaking føreset medlemskap og betalt medlemskontingent. Medlemskontingent er i slike tilfelle å sjå på som innskot dersom det er abonnement på eit speltibod. Dersom medlemskapet i utangspunktet ikkje har noko med spell å gjere vil det ikkje reknast som innskot.
Dersom betaling for deltaking i konkurransen tilsvarar vanleg pris for den tenesta som blir nytta, eller deltakinga er heilt gratis, er det ikkje et innskot. Då er det eit gratislotteri.
2. Gevinst
Det andre vilkåret som må vere oppfylt for at ein konkurranse skal vere eit lotteri er vilkåret om gevinst. Med «gevinst» er det meint pengar, gjenstander eller anna som har økonomisk verdi. I utgangspunktet vil alt av verdi kunne bli sett på som gevinst i lotterilovas forstand.
3. Heilt eller delvis tilfeldig utfall
Det tredje vilkåret som må vere oppfylt for at ein konkurranse skal vere eit lotteri er vilkåret om heilt eller delvis tilfeldig utfall. Dersom utfallet av konkurransen er utanfor den enkeltes kontroll, vil konkurransen ha eit heilt eller delvis tilfeldig utfall. Dette vilkåret er alltid oppfylt der vinnaren blir kåra ved «trekning» eller «gjetting». Det er dette som kjenneteiknar dei mest tradisjonelle lotteri. Lovas formulering av vilkåret omfattar også «annen fremgangsmåte som helt eller delvis gir et tilfeldig utfall». Dette inneber at andre framgangsmåtar for kåring av vinnar også blir omfatta, dersom desse inneheld element av tilfeldig utfall.
I forarbeida til bestemminga, Ot.prp. nr.58 (1993 – 1994) s. 32 går det fram at bestemminga representerer ei utviding av den gamle lotterilova, då det etter den nye lova er tilstrekkeleg at utfallet delvis er avhengig av tilfeldigheit. Med dette omfattast blant anna spel der moglegheiten for gevinst er avhengig av både ferdigheit og tilfeldigheit. Det går vidare fram (s. 22) at hensikta med denne utvidinga av lotteriomgrepet var å fange opp arrangement som hadde så mykje til felles med lotteri at dei burde omfattast av lova. Som ein følgje av dette er det i praksis blitt lagt til grunn at konkurransar berre vil falle utanfor omgrepet «helt eller delvis tilfeldig utfall» om vinnaren blir kåra utelukkande på grunnlag av ferdigheit. Dette inneber at reine kunnskapskonkurransar og ferdigheitskonkurransar fell utanfor lotteriomgrepet.
Består konkurransen av fleire ulike deler, er det tilstrekkeleg at ein av delane inneheld element av tilfeldig utfall for at vilkåret om «heilt eller delvis tilfeldig utfall» skal vere oppfylt. Det har ingen betydning om elementet tilfeldig, eksisterer før eller etter ein del av konkurransen der deltakarane konkurrerer i kunnskap eller ferdigheit.
Det følger av forvaltningspraksis at konkurransar med spørsmål og svaralternativ, alltid vil innehalde eit element av tilfeldig, ved at deltakarane kan oppnå rett svar ved å gjette. Dette gjeld sjølvv om sjansane for å vinne ved gjetting kan vere svært små.
Kunnskapskonkurransar utan svaralternativ reknast som reine kunnskapskonkurransar og fell difor utanfor lotteriomgrepet dersom følgande føresetnader er tilstades:
- Spørsmåla må vere utforma som reelle kunnskapsspørsmål der det riktige svaret kan finnast ved å konfrontere kjelder i etterkant.
- Deltakarane må svare på dei same spørsmåla i same rekkefølge.
- Deltakarane må få same tid til å svare på spørsmåla.
- Det må ikkje gis svaralternativ til spørsmåla.
Kunnskapskonkurransar kan kombinerast med prøving av deltakaranes reaksjonsevne, slik at den eller dei som svarer riktig på eitt eller fleire spørsmål på kortast tid, blir vinnar av konkurransen.
Ferdigheitsspel kan utformast på mange ulike måtar. Det kan eksempelvis være underhaldningsprega spel med krav til reaksjonsevne eller presisjon i utføring.
Generelt kan man seie at konkurransen må yte lik motstand til alle deltakarane. Føresetnadane for deltaking i konkurransen, og dermed moglegheiten til å vinne, må være den same for alle deltakarane. Hvis føreesetnaden som nemnt over ikkje er tilstades, vil utfallet av konkurransen heilt eller delvis skuldast forhold utanfor den enkelte deltakars kontroll og dermed være heilt eller delvis tilfeldig.
I enkelte konkurransar blir viianren kåra på bakgrunn av kven av deltakarane som sender inn det beste bidraget i ein kreativ konkurranse. Konkurransen kan for eksempel gå ut på å sende inn det beste slagordet, bildet eller essayet. Ein slik konkurranse føreset kreativitet frå deltakarane. Utfallet av konkurransen er difor ikkje heilt eller delvis tilfeldig dersom følgande føresetnader er oppfylt:
- Deltakaranes individuelle prestasjonar blir bedømt på bakgrunn av klare førehandsbestemte føresetnader.
- Dei individuelle prestasjonane som krevast for å vinne må fordre ein viss kreativ innsats frå den enkelte deltakar.
- En kvalifisert jury må kåre vinnaren etter ei reell vurdering av alle forslag som er sendt inn.
Dersom det er ein konkurranse som handlar om deltakars kreativitet, men føresetnadane ovanfor ikkje er oppfylt, vil konkurransen ha eit delvis tilfeldig utfall.
Grunngjevinga for å sette opp øresetnader til kreative prestasjonskonkurransar er å hindre forsøk på å omgå lotterilova. Konkurransar der dei nemnte føresetnader ikke er oppfylt, vil bli oppfatta som svært sjanseprega og utan særleg krav til kreativ innsats. Eksempel på konkurranse, som neppe oppfyller føresetnadane til kreativ minsteinnsats, vil vere ein konkurranse om å sende inn beste vits.
Sanksjonar ved brot på lotterilova
Ved brot på lotterilova kan Lotteritilsynet gi pålegg til dei ansvarlege om å rette opp i det ulovlege, jf. lotterilova § 14 a. I tillegg kan tilsynet med heimel i lotterilova §§ 14 b og 14 c, gi administrative førelegg og tvangsmulkt til den som innan ein fastsatt frist unnlet å etterkomme pålegg.
Brot på lotterilova kan medføre straffeansvar, jf. lotterilova § 17. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil eitt år. Grove lovbrot straffast med bøter eller fengsel på inntil tre år. Medverknad kan også medføre straffeansvar.