For mange er pengespel både underhaldande og hyggeleg. Likevel viser undersøkingar at mange tusen nordmenn mistar kontrollen og utviklar store pengespelproblem.

Kva er speleproblem?

Speleavhengigheit er når du ikkje lenger har kontroll over spelinga di. Spelinga dominerer livet – både tankar, kjensler og åtferd. Dersom du har speleproblem vil du fortsette å spele sjølv om konsekvensane av spelinga kan føre til store personlege, økonomiske og sosiale problem.

Det er lett å gjere alt for å skjule konsekvensane av spelinga, og slik blir den ei gøymt avhengigheit. Skamma over å spele gjer det for mange vanskeleg å søke hjelp eller dei søkjer for seint.

Er du i faresona? Test om du har problem med pengespel

Hjelpelinjen kan hjelpe deg som har problem med spelHer kan du snakke med personar som kan gje deg råd og hjelp, både på telefon, e-post og chat.

Kor mange har speleproblem?

  • 55 000 nordmenn har speleproblem, viser ei ny undersøking Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet (2019).
  • Dette er ei auke fra 34 000 problemspelarar i sist undersøking som vart gjort i 2015.
  • 122 000 er moderate risikospelarar. I 2015 var det 88 000.

Les heile undersøkinga «Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019»

Kva kjenneteiknar farlege spel?

Hurtigheit: Den viktigaste enkeltfaktoren er at alt skjer raskt. For eksempel kor lang tid det går frå spelaren har satsa eit beløp, gjennomført spelet, sett utfallet og kan satse på nytt.

I kasinospel kan dette skje på berre tre sekund.

Ingen pauser:  Spelar utan pause.

Kreditt: Risikoen stig dersom det går an å spele på kreditt.

Live oddsspill: Spelaren kan satse på nytt etter å ha tapt eller vunne.

Samtalene til Hjelpelinjen er dominert av spelarar som har fått problem etter å ha spelt på utanlandske ulovlege pengespelselskap.

Spel som vert rekna som lågrisiko er talspel som Lotto, Joker og V75. Desse spela har lang tid mellom innsats og trekking.

Krav til ansvarlege pengespel i Noreg

Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby pengespel i Norge. I tillegg har fleire frivillige organisasjonar og foreiningar med eit humanitært eller samfunnsnyttig formål, lov å arrangere lotteri eller bingo.

Myndigheitene har likevel bestemt at norske spelarar må ha strengare krav til ansvarlegheitsverktøy enn ulovlege utanlandske pengespelselskap for å redusere faren for å få speleproblem.

Kva er ansvarlegheitsverktøy?

  • Sette grenser for kor mykje du kan tape.
  • Sette tidsgrenser for kor lenge du kan spele.
  • Ta ei pause når du har spelt ein time.
  • Spelaren kan ekskludere seg frå spel i periodar, eller permanent.

I tillegg har Norsk Tipping absolutte tapsgrenser. På dei hurtige nettspela er grensa sett til 10 000 kroner i månaden. Dei har også ei maksimal tapsgrense på 20 000 kroner i måneden for alle spel.

Det er mykje pengar å tape, men det er også eit godt sikkerheitsnett for spelarane som mister kontrollen. Du kan ikkje spele bort hus og heim.

Dei utanlandske ulovlege spelselskapa har ikkje dei same krav til ansvarlegheit i spelet som gjer at du kan tape store summar på kort tid.