Uttale til lov om samvirkeforetak §135
Stiftelsestilsynets kompetanse knytt til samvirkeforetak
Stiftelsestilsynet skal behandle søknadar etter samvirkelova § 135 sjette avsnitt. Dersom omdanning fører til at medlemmane får ein større rett på foretaket sine verdiar enn etter samvirkeforetakets vedtekter gjennom vedtektsendring, fusjon, fisjon eller omdanning til AS/ASA, skal Stiftelsestilsynet kontrollere om det sakleg grunn til omdanning. Stiftelsestilsynet kan etter ei konkret vurdering også stille vilkår for slik omdanning.
Stiftelsestilsynet har ikkje anna kompetanse knytt til samvirkeforetak.
Les meir om Stiftelsestilsynets rolle i samband med samvirkeforetak
Aktuelle saker
Vi mottatt mange spørsmål knytt til samvirkeforetak, og meir konkret kraftlag organisert som samvirkeforetak. Dei fleste kjem frå personar som er medlemmer i, eller på anna måte har tilknyting til, samvirkeforetak som er i ein søknadsprosess som krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Fellesnemnaren er at det blir stilt spørsmål ved kva moglegheit kraftlaga gjennom slik omdanning har til å la medlemmane få tilgang til verdiane i foretaket.
Stiftelsestilsynet har hatt fleire saker om omdanning av samvirkeforetak. Vi har hatt fire saker om kraftlag som er omdanna til aksjeselskap som alle har vore behandla i 2017 og 2018. Bakgrunnen for sakene er endringar i kraftmarknaden og regulering knytt til denne, som Stiftelsestilsynet etter ei konkret vurdering har vurdert å være sakleg grunn. Våre vedtak i desse sakene legg også til grunn at søknaden i utgangspunktet ikkje er eit ønskje frå medlemmane om å skaffe seg tilgang til nettoformuen ved oppløysning.
Det som er aktualisert gjennom spørsmål til oss er moglegheitene til å dele ut samvirkeforetaket sine verdiar til noverande medlemmar. Konkret er det stilt spørsmål ved moglegheitene til å selje aksjeselskapet sine verdiar og dernest avvikle selskapet med utdeling til medlemmane i samband med eller i etterkant av omdanninga.
Avgrensingar
Våre vurderingar verken omtalar eller omhandlar saksbehandlinga i samvirkeforetaket. Uttalen er gjort kort og inneheld ikkje alle nyansar i det som er ei større vurdering, men er meint å gi nokre utgangspunkt for å forstå vår vurdering. Uttalen har heller ingen utleggingar om dei ulike modellane for omdanning som kan brukast, men tar utgangspunkt i det vanlege og det er som brukt til no.
Kort og noko upresist er modellen slik: Omdanning av samvirkeforetaket til aksjeselskap, med heilt eller delvis sal av innmaten i aksjeselskapet mot oppgjer i aksjar i kjøparselskapet. Dei tidlegare medlemmane i samvirkeforetaket blir aksjonærar i eit aksjeselskap som eig aksjar i kjøparselskapet (direkte eller gjennom holdingselskap).
Problemstilling og rettsleg utgangspunkt
Vedtektene for eit samvirkeforetak skal fastsetje korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing av foretaket (§ 10). Med mindre anna er bestemt i vedtektene, og det er midlar i foretaket etter at gjelda er dekka, har medlemmane i foretaket rett til å få utbetalt andelsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonto (§135 (3)). Lova sitt utgangspunkt er at nettoformuen elles skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål (§135 (4)).
Det er nettoverdien som er problematisert i det vidare. Det er ikkje omstridt at medlemmane ved omdanning har rett til å få utbetalt andelsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonto og at eventuell gjeld må gjerast opp.
Vedtektene kan fastsetje at dei attverande midlane (nettoverdien) heilt eller delvis skal gå til dei som er medlem på oppløysingstidspunktet, eventuelt også tidlegare medlemmar. Fordelinga av nettoverdien må i alle tilfelle skje på grunnlag av medlemmane si omsetning med foretaket (§ 135 (5)).
Om vedtektene ikkje fastset at nettoformuen skal gå til medlemmane, eller ein ønskjer auka moglegheit for utdeling til medlemmane, kan ein slik regel takast inn ved vedtektsendring (§ 135 (6)), men lova stiller krav til denne typen avgjersle:
- Fire femdel av stemmene på årsmøte må røyste for endringa.
- Endringa må ha sakleg grunn.
- Endringa skal godkjennast av Stiftelsestilsynet.
Kravet i lova gjeld ved endring i regulering av disponering over nettoformuen ved vedtektsendring, fusjon, fisjon, oppløysing og omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.
Søknad til Stiftelsestilsynet er derfor berre naudsynt dersom ei endring inneber at nettoformuen ved omdanning heilt eller delvis skal gå til anna enn allmennyttige- eller samvirkeføremål. Har medlemmane etter vedtekter allereie før omdanninga full rett på nettoverdien skal det ikkje søkjast godkjenning frå Stiftelsestilsynet.
Nærare om sakleg grunn
Lovgjevar har stilt opp eit krav til saklegheit. Vurderinga er konkret og skal ta utgangspunkt i dei ulike interessene og omsyna som gjer seg gjeldande.
Forarbeida (NOU 2002:6 Lov om samvirkeforetak avsnitt 26.4) nemner følgjande moment/interessentar:
- Den eller dei som er tilgodesett i samvirkeforetakets vedtekter før endring. Dei kan være nemnde særskilt, som at midlane skal nyttast til særskilte formål eller mottakarar. Meir vanleg er det at dei er meir abstrakt skildra, som at midlane skal gå til eit eller fleire samvirke- eller allmennyttige føremål.
- Tidlegare medlemmer, som gjennom si deltaking i foretaket har vore med på å byggje opp fellesformuen.
- Noverande medlemmer.
- Offentleg myndigheit eller private som har støtta samvirkeforetaket finansielt eller på anna måte.
Blant desse vektlegg forarbeida særleg omsynet til tidlegare medlemmer, og om dei gjennom sin produksjon, omsetning eller samhandling har vore med på å byggje opp formuen, og om deira utmelding frå laget kan ha skjedd i tillit til at nettoformuen ved oppløysing skulle gå til andre enn medlemmene.
Forarbeida trekkjer også fram omsynet til offentleg myndigheit og private som har gitt midlar til samvirkeforetaket, der støtta har vore gitt for å fremje samvirkeformål eller politiske mål.
Forarbeida peikar også på at noverande medlemmer ofte vil ha ei interesse i å få ein større del av formuen, men er samtidig klare på at det i seg sjølv ikkje er sakleg grunn:
«Eit ønske om å skaffe seg tilgang på nettoformuen ved oppløysing, er ikkje i seg sjølv ein sakleg grunn. Annleis kan det stille seg dersom foretaket kan godtgjere at ein auka utdelingsadgang vil vere forretningsmessig gunstig for verksemda, til dømes fordi det kan innebere at medlemmane blir meir villige til å tilføre kapital og delta aktivt i verksemda.»
I teorien (sjå Fjørtoft og Gjems-Onstad, Samvirkeforetak (2009), side 151) er det sagt om sakleg grunn og moglegheitene til å dele ut at:
«nåværende medlemmers ønske om å få tilgang til midlene, er ikke i seg selv en saklig grunn. Hvis vedtektsendringen bærer preg av misbruk av samvirkeformen ut i fra et kortsiktig profittmotiv, er lovens vilkår klart nok ikke oppfylt. Som utgangspunkt må saklighetskravet anses tilfredsstilt hvis det kan godtgjøres at en økt utdelingsadgang til medlemmene vil være forretningsmessig gunstig for virksomheten.»
Moment som har betydning er også over kva tidshorisont midlane er oppspart, korleis formuen er bygd opp, om foretaket har ei stabil medlemsmasse og om dei opprinnelege vedtektene har peika på ein eller fleire mottakarar som kan ha ei forventning om å motta verdiane.
Stiftelsestilsynet kan sette vilkår ved godkjenning. I forarbeida (Ot.prp. nr. 21 (2006-2007), merknadane til § 135) er det presisert at:
«Dersom eit foretak søkjer om at heile likvidasjonsoverskotet skal tilfalle medlemmane, kan Stiftelsestilsynet til dømes godkjenne på vilkår av at delar av likvidasjonsoverskotet skal tilfalle samvirkeformål og resten skal tilfalle medlemmane, eventuelt at også tidlegare medlemmar skal bli tilgodesett. Etter allmenne forvaltningsrettslege reglar må vilkåra vere saklege og ikkje uforholdsmessige.»
Forarbeida syner vidare til eit eksempel på eit tilfelle der det kan være sakleg grunn og kva vilkår som kan være aktuelt å stille:
«Videre er det foreslått at vedtektsendringer som medfører at medlemmene får en større tilgang til nettoformuen, bare skal kunne foretas dersom [det] foreligger en saklig grunn til det. Et eksempel på hvor det vil kunne foreligge saklig grunn er hvor det skjer endringer i rammebetingelsene som gjør at foretakets egenkapital stiger betydelig i verdi. Et eksempel på dette er liberaliseringen av kraftmarkedet på nitti-tallet. Foretakene oppnådde store overskudd som ikke skyldes den alminnelige driften, men endringer i generelle rammevilkår. I slike tilfeller vil det etter utvalgets oppfatning kunne foreligge en saklig grunn for å endre vedtektene, slik at medlemmene i alle fall får tilgang på deler av nettoformuen. Ved vurderingen av om det foreligger saklig grunn, vil en avveining av de ulike interessene som nevnt ovenfor derfor stå sentralt. Etter utvalgets forslag vil Stiftelsestilsynet på denne bakgrunn også ha anledning til å stille vilkår for sin godkjenning. Slike vilkår vil for eksempel kunne innebære en fordeling av en gjenværende nettoformue mellom medlemmene og den eller de som er tilgodesett etter de opprinnelige vedtektene»
Søknader frå kraftlag
Stiftelsestilsynet har som nemnt samtykka til omdanning av fire kraftlag. Felles for alle søknadene er at dei er grunna i endra rammevilkår. Det er vist til at energilova stiller krav om eit selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nett og konkurranseutsett verksemd. I tillegg er det vist til at samanslåing av nettselskap til større einingar er ønska frå myndigheitene si side, sjå mellom anna Prop 35 L (2005-2016) avsnitt 6.1.
Vi har vurdert slike forhold som sakleg grunn for omdanning. Vi har også lagt vekt på at det ikkje er dei historiske medlemmene eller andre bidragsytarar som aleine har bygd opp verdiane på nettet, men i stor grad også endringar i rammevilkåra. Ei utfordring er likevel at medlemmane ikkje skal ta del i verksemda vidare og at det derfor ikkje er forretningsmessig gunstig at medlemmane privat får utbetalt verdiane. Omdanninga vert ikkje gjort for å gi medlemmene incentiv til å investere. Felles for alle sakene vi har godkjent er at medlemmane privat heller ikkje skal få utbetalt verdiar.
Verdiane går til eit aksjeselskap med kooperativt preg, som i motsetning til å skulle dele ut verdiane til aksjonærane (dei tidlegare medlemmane) i form av utbytte, skal tene samvirkeforetakets formål, gjerne allmennyttige tiltak innanfor samvirkeforetakets konsesjonsområde. Dette er regulert på noko ulikt vis i dei ulike selskapa som er omdanna, men prinsippet er gjennomgåande.
Om moglegheitene til å selje aksjeselskapets verdiar og dele ut all verdi til medlemmane i samband med, eller i etterkant av omdanninga
Informasjon vi har fått den siste tida går ut på at det skal ligge føre ein intensjon, til dels formalisert, om å oppløyste aksjeselskapet med kooperativt preg og betale ut verdiane til medlemmane privat innan kort tid.
Stiftelsestilsynet vil peike på at vi ikkje er kjent med at det ligg føre slike motiv i dei søknadene vi tidlegare har behandla. Vi kjem heller ikkje til å godkjenne søknadar der verdiane i samvirkeforetaket skal delast ut til medlemmane privat. Eit motsett resultat krev at samvirkeforetaket kan godtgjere at det er sakleg grunn for at slike verdiar skal komme medlemmene til gode i staden for til dei allmennyttige eller samvirkeformål som var tilgodesett før omdanning.
Vi har fått fleire spørsmål om kva som skjer dersom aksjonærane i aksjeselskapa med kooperativt preg likevel vel å oppløyse selskapet etter noko tid, i strid med forutsetningane. Stiftelsestilsynet vil vise til at vi ikkje fører tilsyn med verken aksjeselskap eller samvirkeforetak, men at eit brot med slike forutsetningar kan føre til at vedtaket om godkjenning kan være ugyldig og gi grunnlag for omgjering. Særleg gjeld dette dersom slike intensjonar var til stades på søknadstidspunktet utan å være kommunisert. Konsekvensen av slik mogleg ugyldigheit er ikkje prøvd, men vil kunne utgjere grunnlag for erstatningsplikt for dei som har gitt urette opplysningar eller har halde tilbake informasjon.
Stiftelsestilsynet er etter samvirkelova § 135 sjette avsnitt tredje setning gitt eksplisitt kompetanse til å stille vilkår for omdanning. Fram til no har vi vurdert løysinga med eit aksjeselskap med eit kooperativt preg som ein modell som sørger for at midlane i samvirkeforetaket går til dei formåla som vedtektene bestemmer og ikkje til medlemmane privat. I lys av informasjonen vi har mottatt vil vi framover vurdere om det er naudsynt å setje andre og fleire vilkår ved godkjenning av søknader som måtte komme.
Dersom det er sakleg grunn til omdanning, men den konkrete modellen som er valt også er grunna i eit kortsiktig profittmotiv, vurderer vi det nærliggande at godkjenning berre kan bli gitt på vilkår.
Nærare om aktuelle vilkår
Stiftelsestilsynet kan som nemnt stille vilkår for godkjenning. Vilkåra må tilfredsstille den alminnelege vilkårslæra – vilkår må stå i sakleg samanheng med godkjenninga, og dei må ikkje vere uforholdsmessig tyngande.
Vilkår som er eigna til å tilgodesjå dei formål eller omsyn som er relevante etter lova må vegast mot kor inngripande vilkåra vil vere. I vurderinga av vilkår vil det også kunne vere relevant å be om innspel frå samvirkeforetaket.
Stiftelsestilsynet si rolle er etter lova avgrensa til godkjennings-/vedtakstidspunktet. Vi vurderer det ikkje som aktuelt å stille vilkår som går ut på at Stiftelsestilsynet skal ha ei rolle ved seinare endringar eller utdelingar frå aksjeselskapet. Ei moglegheit for slik kontroll er dersom det vert oppretta ein stiftelse som skal eige heile eller delar av selskapet og som har et tilsvarande formål som samvirkeforetaket hadde. Mindre inngripande vil vere krav til aksjeselskapets utforming og saksbehandlingsreglar m.m., dersom slike krav gir sikkerheit for at midlane i tilstrekkeleg grad går til formålsrealisering.
Sentralt for vurderinga vil som nemnt vere at vilkåra ikkje stenger for den saklege grunnen for omdanninga – til dømes at omdanninga er forretningsmessig gunstig, men samtidig stenger for misbruk av samvirkeforetaksforma ved utilsikta profitt til medlemmene i strid med samvirkeforetakets vedtekter/formål. Stiftelsestilsynet vil vere interessert i kva vurdering samvirkeforetaket har gjort seg med omsyn til art og omfang av vilkår.