Kva er eit samvirkeføretak?

Med samvirkeføretak meiner vi vanlegvis ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene. Det skjer gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på liknande måtar. Det er følgjande føresetnader:

  • Avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, blir anten ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemene på grunnlag av deira del av omsetninga med samanslutning.
  • Ingen av medlemmene har personlig ansvar for sammenslutninga sine forpliktelsar.

Lov om samvirkeforetak (samvirkelova)

Samvirkelova vart gjort gjeldande frå 01.01.2008. I denne lova er Stiftelsestilsynet gitt avgrensa mynde i samband med at medlemmer av samvirkeføretak ved vedtak om vedtektsendring,  fusjon, fisjon eller omdanning til AS/ASA  får større rett til attverande midlar enn fastsett i dei opprinnelege vedtektene.

For vedtak som betyr at medlemmene får krav på ein større andel av dei attverande midlane enn fastsett i dei opprinnelege vedtektene, gjeld følgjande krav:

  1. vedtaket må vere lovleg etter vedtektene og samvirkelova
  2. vedtaket må gjerast av årsmøtet med i utgangspunktet fire femdels fleirtal av dei avgitte stemmene
  3. vedtaket må kvile på sakleg grunn og
  4. vedtaket må godkjennast av Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet har utover ramma av godkjenningskompetansen etter samvirkelova, ikkje ansvar for tilsyn med samvirkeføretak.

Les meir om Stiftelsestilsynets godkjenningskompetanse ved

Søknad om godkjenning frå Stiftelsestilsynet skal sendast til: postmottak@lottstift.prod.dekodes.no
eller til:Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Har du spørsmål? Sjå våre «spørsmål og svar» om samvirkeføretak.

Har du fortsatt spørsmål? Bruk vårt kontaktskjema.