Nytt nettkurs i pengespelproblematikk
Lotteritilsynet bidrar i eit nytt nettkurs om pengespelproblem retta mot arbeidslivet.
Kurset er eit samarbeid mellom Akan, KoRus-Øst og Lotteritilsynet. Vi ser eit stort potensiale til å nå ut med informasjon gjennom nettkurset.
Formålet med kurset er
- å lære leiarar og tilsette korleis førebygge og handtere pengespelproblematikk på arbeidsplassen.
- gjennom auka kunnskap – styrke leiarar og medarbeidarar til å reagere og handle så tidleg som mogleg.
- å motivere til rett behandling så tidleg som mogleg.
Målgruppa er dei som har ei nøkkelrolle i organisasjonars arbeidsmiljø og personalarbeid.
-Lotteritilsynet bidrar med oversikt over pengespel og problem knytt til pengespel. Vi gir også oversikt over den norske marknaden, kva spel som kan skape problem og verktøy for å kunne spele ansvarleg, seier seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll.
Meir informasjon om kurset finn du på Akan sine nettsider.