Tilsynsrapport med Stiftelsen Bergensklinikkene
Tilsynet vurderer at styrets forvaltning av formuen og realisering av formålet har vore forsvarleg og er i samsvar med stiftelseslovas krav.
Korleis ein stiftelse skal forvaltast ligg til styrets vurdering og skjønn, så sant dette er forsvarleg etter stiftelseslova og stiftelsens vedtekter. Hovudkonklusjonen i tilsynsrapporten med Stiftelsen Bergensklinikkene er at det ikkje er avdekka brot på stiftelseslovas krav om forsvarleg forvaltning.
Vi presiserer at Stiftelsestilsynets tilsyn gjeld krav og vilkår etter stiftelseslova. Fleire andre forhold i saka er regulert av andre lover under tilsyn av Arbeidstilsynet og Fylkesmannen.
-Vi har avdekt nokre forhold som utgjer avvik på stiftelseslovas saksbehandlingsreglar og stiftelsens vedtekter. Dette gjeld at styret i enkelte tilfelle har kalla inn til ekstraordinære styremøter og gjennomført årsmøte i strid med vedtektene og interne rutiner. Dette er kritikkverdig, men ikkje nok til å ha fått konsekvensar for hovudinnhaldet av styrets forvaltning, seier avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl.
-Gjennomføring av fleire omfattande omstillingsprosessar det siste året har satt stiftelsen i ein utfordrande situasjon over lengre tid. Dette har stilt store krav til styrets planlegging, oppfølging og kommunikasjon. I perioder har styret hatt utfordringar med å handtere og følge opp prosessane på ein måte som har sikra tillit og omdøme både internt og eksternt, seier Longvastøl.
Stiftelsestilsynet ber styret i Stiftelsen Bergensklinikkene om å evaluere eigne rutinar, slik at dei er i samsvar med vilkåra i lova og eigne vedtekter. Vi ber også om at rutiner for planlegging og kommunikasjon er forsvarlege og blir etterlevd i framtidige prosessar.
Heile tilsynsrapporten les du her.