Utanlandske spelselskap utnyttar kommunevalet for å få publisitet
49 aviser, dei fleste lokalaviser, har den siste tida publisert saker om at ulovlege pengespelselskap set odds på kven som blir ordførar etter kommunevalet.
Dette er pengespelselskap som ikkje har lov til å marknadsføre eller tilby pengespel i Noreg, og reglane er slik for å beskytte norske spelarar. Ein del av jobben vår er å bidra til at norske lover og reglar er kjent i samfunnet.
Informasjonsbrev til norske mediehus
For å informere om regelverket og bevisstgjere redaksjonane sender vi no ut eit brev til alle norske mediehus.
– Å få norske medium til å skrive om sine speltilbod er ein av metodane ulovlege spelselskap brukar for å oppnå publisitet og skape merksemd. Dette såg vi også i 2015-valet. Vi vil ikkje gripe inn i redaksjonelle avgjerder, men vi vil oppmode norske redaksjonar til å vere bevisste på dette, og kritiske når dei skriv saker som handlar om ulovlege pengespelselskap, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Lotteritilsynet ser stadig at dei ulovlege spelselskapa brukar pressemeldingstenester for å gjere seg meir kjende blant nordmenn. Dei legg jamleg ut saker om kva odds dei tilbyr på ulike hendingar knytt til Noreg og nordmenn, som når dei no brukar valkampen. Dei legg også ut vinnarhistoriar om personar som har vunne store summar ved å spele hos utanlandske spelselskap.
Tidlegare i år hadde vi tilsyn med to norske pressemeldingstenester, og vi konkluderte med at omfangsrik publisering av denne typen pressemeldingar frå ulike ulovlege pengespelselskap var brot på forbodet mot marknadsføring og formidling av pengespel.
Bidreg til å legitimere ulovlege aktørar
Vi har ikkje hatt tilsyn og gjort konkrete vurderingar av om artiklane om spelselskapa sine odds på ordførarkandidatar i valkampen er brot på marknadsføringsforbodet.
– Men måten dei er utforma på gir oss likevel grunnlag for å informere norske aviser om regelverket. Dette kan gjere redaksjonar som får pressemeldingar frå ulovlege spelselskap betre rusta.
Lotteritilsynet er bekymra for at spelselskapa brukar nye marknadsføringsmetodar som samstundes utfordrar skiljet mellom redaksjonelt innhald og annonsering. Det blir vanskelegare for lesarane å avdekkje om dei er utsette for forsøk på påverknad frå spelselskapa.
– Når media skriv desse sakene, bidrar dei til å legitimere ulovlege pengespelselskap sin ulovlige aktivitet retta mot nordmenn. Selskapa får omtale utan at lesaren blir informert om at dei er ulovlege aktørar i Noreg, og det er allereie slik at 6 av 10 nordmenn ikkje veit eller er usikre på kven som kan tilby pengespel i Noreg og ikkje.