Bingohallar må stenge dørene
I eit vedtak av 12. mars vart det blant anna bestemt at kulturarrangement må stenge for publikum. Lotteritilsynet har i dag fått avklart med Helsedirektoratet at bingohallar i dette tilfellet må tolkast som eit kulturarrangement og må stenge dørene.
I samband med koronaviruset Covid-19 er vi i ein heilt spesiell situasjon, og helsemyndigheitene ber om at alle gjer sitt beste for å avgrense smitte. Det går fram av råd på Folkehelseinstituttet sine nettsider at du skal halde ein meter avstand til andre. Dette betyr å avgrense all kontakt med andre, avgrense deltaking i fritidsaktivitetar m.m.
I tillegg til bingohallar hos entreprenør, vurderer Lotteritilsynet foreiningsbingo og basar som kulturarrangement i denne samanhengen.
Meir informasjon om Covid-19 finn du på helsedirektoratet si nettside, helsenorge.no og hos Folkehelseinstituttet.