Forlenga dispensasjon frå bingoforskrifta til 11. mai
Dispensasjonar frå bingoforskrifta blir forlenga til 11. mai 2020.
Lotteritilsynet har tidlegare gitt dispensasjonar 16. mars og dispensasjonar med strengare krav til marknadsføring 27. mars, og forlenga dispensasjonar 13. april.
Dispensasjonane blir no ytterlegare forlenga i tråd med dei råd og anbefalingar rundt koronaviruset som elles gjeld i samfunnet.