Lotteritilsynet klagar på politiet si avgjerd om å legge vekk Lyoness-saka
Då politiet la vekk saka i april var det på grunn av manglande kapasitet til å behandle saka. Politiet viste blant anna til den store arbeidsmengda i saka, og at dei måtte gjere nødvendige prioriteringar.
Lotteritilsynet meiner politiet ikkje kan legge vekk saka av kapasitetsomsyn. Difor klagar Lotteritilsynet på vedtaket på grunn av alvoret og omfanget av pyramideverksemda som Lyoness har drive.
Omfanget er stort
-Saka gjeld betydelege beløp og det er svært mange fornærma i saka. Vi meiner det er feil å legge vekk saka av kapasitetsomsyn, seier seniorrådgjevar og jurist i Lotteritilsynet, Monica Alisøy Kjelsnes.
Det er allereie konstatert at verksemda til Lyoness inneber grovt brot på Lotterilova.
Lotteri- og stiftelsestilsynet anmelde Lyoness 1.oktober 2019 for å drive ulovleg pyramideverksemd. Dette er ei ulovleg pyramideverksemd der mesteparten av inntektene kjem frå verving av deltakarar.
Mange har tapt pengar
-Folk blir oppfordra til å investere i verksemda med lovnad om å tene mykje pengar på kort tid, men risikerer å tape pengane. Svært mange er blitt lurt, og rådet er å halde seg unna, seier Alisøy Kjelsnes.
Lotteritilsynet blir kontakta av mange personar som har tapt pengar på Lyoness. For enkelte er det snakk om minst fleire hundre tusen kroner.
-Den ulovlege pyramideverksemda til Lyoness har råka både ressurssterke og sårbare grupper, og mange menneske og familiane deira har fått både økonomiske og sosiale problem. Fleire har brukt opp sparepengane sine og tatt opp lån, seier Alisøy Kjelsnes.
Les meir om Lyoness som ikkje får fortsette verksemda.
Kan føre til meir pyramideverksemd
Lotteritilsynet, Lotterinemda og Oslo byfogdembete har vedteke at Lyoness må stoppe den ulovlege pyramideverksemda. Dette gjeld sjølv om politiet har lagt vekk saka. Likevel er verksemda blitt vidareført gjennom nye selskap konstaterer Lotteritilsynet.
-Vi får dagleg tips om at politiet si avgjerd om å legge vekk saka blir brukt som argument for at pyramideverksemd no er lovleg, seier Alisøy Kjelsnes.
No fryktar Lotteritilsynet for konsekvensane dersom den ulovlege pyramideverksemda ikkje blir etterforska.
-Dersom saka blir lagt vekk fryktar vi at dette kan føre til at fleire prøver seg på liknande ulovlege pyramidespel i Norge, seier Alisøy Kjelsnes.