Frå i dag av, 1. juli, blir det vanskelegare å misbruke pengar frå Grasrotandelen i Norsk Tipping. Årsaka er at den nye forskrifta,  som skal gje styresmaktene betre kontroll med kven som får grasrotpengar og kva dei blir brukt til, trer i kraft i dag. Konkret startar vi med å undersøke følgande 19 lag og organisasjonar:

  • Straumfjordens skole
  • Personalforeningen COOP Norge faghandel
  • Hotellets venner
  • Tøyenåsen barnehage foreldregruppe
  • Jæren og Sandnes kaninalslag
  • Egersund skog og treplantinsselskap
  • Stormen supporterklubb
  • Kjerringbeistenes vinklubb
  • Frode Holte motorsport supporterforening
  • Reddisbjørnen.no
  • Solør rideklubb
  • Fondet for nestekjærlighet
  • Nidaros multisportforening
  • Det gode selskab av tredje juledag
  • Pilen
  • Poltergeist MC
  • Atelier Lyst
  • Rolda Gatehunder fra Romania
  • Midtbakken Svirebrorslag

Tips

Dei 19 er plukka ut med bakgrunn i medieoppslag og tips. – Vi ønskjer å teste om aktiviteten er i samsvar med forskrifta. På lista finn vi og eit tilfeldig utplukk av lag og organisasjonar innanfor kategoriar vi er i tvil om, men som vil få ei kvalifisert vurdering.  Det seier seniorrådgjevar, Bjarne Hellem, i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ber om dokumentasjon

– Vi i teamet som jobbar med moms og grasrot i Lotteri- og stiftelsestilsynet har vore i ein fase der vi har gjort klart korleis vi skal jobbe med tilsyn av Grasrotordninga. Når forskrifta no trer i kraft, sender vi ut brev til dei aktuelle lag og organisasjonar der vi ber om relevant dokumentasjon som vedtekter, årsregnskap, årsmelding, revisormelding og anna.

Frist til 15. september

Alle dei 19 som no får brev, har frist til 15. september med å levere dokumentasjon. Deretter vil teamet vurdere kvar enkelt sak fortløpande. – Dette er ein god start for å sikre at ordninga fungerer slik den var tenkt. Det er viktig å ha med seg at dette skal vere ei ubyråkratisk ordning med lav terskel til beste for allmennyttige formål. Vi er opptekne av å finne rett balanse mellom dette og vårt kontrollarbeid, seier Hellem.

Frivillig aktivitet

– Grasrotmidlane skal gå til lokal og regional frivillig aktivitet. Forskrifta seier kva kriteria ein organisasjon må oppfylle for å kunne få desse pengane. Det er denne forskrifta vi rettar oss etter, seier Hellem.

Slik vil vi føre tilsyn

Arbeidet med tilsyn av Grasrotandelen vil generelt skje ut i frå ei vurdering av risiko- og vesentlegheit basert på tips og planlagde tilsyn. (Les meir om vår tilsynsmetodikk.)

– Vi har lagt til rette for anonyme tips på våre nettsider, vi følgjer med i media og vi ser på kategoriar av lag og organisasjonar der vi er usikre og som difor blir plukka ut for vurdering og avklaring, seier Hellem.

Vi vil ha tips!

Lotteri- og stiftelsestilsynet har generelt god kontroll på frivillig sektor. I dag er det 23.000 lag og organisasjonar som er innanfor Grasrotordninga.

– 15.000 av desse er også innanfor momskompensasjonsordninga, som vi har gode kontrollrutinar på. I tillegg er mange registrert som lotteriverdige organisasjonar, noko vi også har god kontroll på. Det betyr at vi er komfortable med nivået på tilsyn. Vi vil likevel svært gjerne ha tips som kan bidra til at desse pengane går til det dei er meint å gå til, understrekar Bjarne Hellem.

Grasrotandelen veks

Norsk Tippings kundar fordelte over 118 millionar kroner til lag og foreiningar i perioden 1. januar til 30. april gjennom Grasrotandelen. Det er ny rekord. Totalt blei det utbetalt 340 millionar kroner i fjor. Grasrotandelen blir betalt ut tre gongar i året. Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.