I den ferske lagmannsrettsdommen om Texas Hold’em har retten vurdert straffelovas § 383 si rekkevidde. Lagmannsretten har her konkludert med at pokervarianten Texas Hold’em ikkje er eit «Lykkespil».

For Lotteritilsynet er det viktig å presisere at lagmannsretten ikkje har vurdert om Texas Hold’em er lovlig etter lotterilova, som inneheld ein eigen bestemmelse om straff av ulovlig  lotteri. Det er forbudt å arrangere lotteri utan løyve, og lotterilova § 1 første ledd a) bestemmer at det er eit lotteri når det er innsats, premie og vinnaren blir kåra heilt eller delvis tilfeldig. Det er etter eintydig tolkningspraksis (bekrefta av både Lotterinemnda og departementet) klart at utfallet av poker, både Texas Hold’em og andre variantar, vil vere delvis tilfeldig. Rettstilstanden er difor uforandra når det gjeld vurdering av poker etter lotterilova.

Dette betyr at ei kvar form for poker, inkludert turneringspoker i form av Texas Hold’em, framleis er ulovlig etter lotterilova. Når det gjelder forholdet til straffelova avventar vi ei eventuell anke til Høgsterett, og avgjersla der.