Pokerdommen blir ikkje anka
Den ferske lagmannsrettdommen om pokervarianten Texas Hold èm som turneringsform vert ikkje anka av statsadvokaten. Det vil seie at dommen er rettskraftig.
Vi tar dommen til vitande og har oppdatert informasjon om denne pokervarianten på våre nettsider.
Det er viktig å merke seg at det ikkje er avsagt dom som seier at Texas Hold èm er lovlig. Domstolen har vurdert spørsmålet om denne forma for turneringspoker er eit «lykkespel» etter straffelovas § 383, og har kome til at det ikkje er det.
Vi må likevel presisere at domstolen ikkje har vurdert om Texas Hold èm er lovlig etter lotterilova. Rettstilstanden er difor uforandra når det gjeld vurdering av ei kvar form for poker etter lotterilova.