Fire stiftelsar i Ivar Aasen si ånd
Språkmannen Ivar Aasen vart feira den 5. august då det var 200 år sidan han vart fødd. I dag er det minst fire stiftelsar med formål som er i Aasen si ånd.
Den best kjende av disse stiftelsane er Nynorsk Kultursentrum som ligg i Ørsta der Ivar Aasen voks opp. Dei tre andre har som formål å fremje norsk målreising og styrke måltradisjonen frå Aasen sitt arbeid. Dei tre stiftelsane er:
- Fritz Monrad Walles Fond.
- Vestmannafondet for norsk måldyrking, målreising og målvern.
- Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking.
Du finn meir informasjon om dei aktuelle stiftelsane, mellom anna vedtektene, i Stiftelsesregisteret.