Det er kome inn 1067 søknader i 2013. Dette er ei auke på 160 samanlikna med 2012. Det er også ei auke i søknadsbeløpet på 159 millionar kroner samanlikna med i fjor. Det var ei forventa auke både i tal søknader og søknadsbeløp grunna forenkla momskompensasjonsordning for det frivillige frå 2013.

Mindre avkorting i år

Søknadsbeløp i 2013 er 1,465 milliarder kroner mot 1,306 milliarder kroner i 2012. Godkjent søknadsbeløp er ikkje klart før alle søknadene er behandla. I 2012 fikk søkarane tildelt ca 49% av søknadsbeløpet etter avkorting. Basert på at ordninga i 2013 er auka med 300 millioner kroner vil avkortinga av søknadsbeløpa bli mindre i 2013.

Utbetaling i desember

Saksbehandlinga vil bli avslutta i slutten av november. Tildelingsbrev blir sendt ut i byrjinga av desember med utbetaling i første halvdel same månad.

Fleire søker grunna forenkla ordning

Basert på foreløpige tal ser det ut til at mange av dei nye søkarane har kome til på grunn av at minstegrensa for å søke forenkla modell blei redusert frå 300 000 til 200 000 kroner i driftskostnader og minstegrensa for å søke etter dokumentert modell blei redusert fåa 21 000 til 14 000 kroner i momskostnader

Størst auke for dokumentert modell

856 søkarar har søkt etter forenkla modell og 211 har søkt etter dokumentert modell. 93 fleire har søkt forenkla modell og 67 fleire har søkt dokumentert modell samanlikna med 2012. Auka er størst for dokumentert modell noko som trulig heng saman med reduserte krav til bruk av revisor for dokumentert modell.