Vi leverer kvalitet på nett
Det meiner Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) som i dag har kåra dei beste offentlige nettstadane i Norge. Vi fekk full score på brukartilpassing og var ein av tre nominerte til den gjevaste prisen årets statlige nettstad. Best av alle statlige nettsider var Statens vegvesen. Vi gratulerer.
– Vi er svært godt nøgde med resultatet. Vi har arbeidd systematisk med å nå målet og ambisjonen vår er å vere blant dei beste. Det er svært viktig for oss å tilby våre brukarar gode nettsider og det er bra at Difi årleg gjennomfører kvalitetstesting. Det held oss på tå hev, seier kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle.
Difi arbeider med å auke kvaliteten på offentlege nettstader. Årleg gjennomfører dei kvalitetsvurdering av omlag 700 statlege og kommunale nettstader. Basert på eit sett kriterier blir nettstadane gradert i form av stjerner. Områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald blir vurdert. Kriteriesettet er mellom anna basert på internasjonale standarder, poltiske føringar og beste praksis på området.