Nye utfordringar i framtidas pengespel er sentrale tema når pengespel-styresmakter frå heile verda gjennomfører sin årlege konferanse, denne gong i Norge. Konferansen er open for media.

Det er organisasjonen IAGR (The International Association of Gaming Regulators) som har valt Oslo og Grand Hotel som møtestad for konferansen frå 29. september til 1. oktober.

Frå over 40 land

Det er venta nærmare 200 delegatar frå over 40 land. Årets program tek opp ei rekkje aktuelle problemstillingar, med særleg fokus på oppgåver som ventar styresmaktene i åra som kjem.

– Lotteritilsynet er vertskap for årets konferanse, og store delar av konferansen er open for media. Vi håpar at tema som kampfiksing, arbeid med uheldig speleåtferd og utfordringar i framtidas digitale speleverd vil interessere norske journalistar, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Må registrere seg

Journalistar må registrere seg på førehand.

Konferansen i Oslo er den tredje etter at IAGR i 2011 vart ein sjølvstendig nonprofit organisasjon. Før den tid var organisasjonen ein møtestad for pengespelstyresmaktene og bransjeadvokatar på verdsbasis, men også då med årlege konferansar.

Målet med IAGR er å skape eit forum der pengespelregulatørar frå heile verda kan møtast, utveksle synspunkt og diskutere politiske spørsmål som er aktuelle både for styresmakter og speleindustri. Det er første gong IAGR har lagt ein konferanse til Norge.